tirsdag 23. desember 2008

Nokre tankar omkring blogging

Då me først vart presenterte for blogging i pedagogikkfaget tok eg meste skrekken og ville helst "ta min hatt og gå". For meg som har minimal med interesse for data virka det utenkeleg å bruka så mykje tid med pc`n. Framleis har eg problem med nett det: å akseptera at dette er noko eg må bruka tid på - kvar veke.
Dernest ser eg at pedagogikkfaget krev mykje, og det går på bekostning av norsk og matte. Sjølv om alle tre faga er vekta likt i planen, vert det ikkje slik i praksis.Blogginga oppleves for meg som ei innlevering, og når dette skal gjerast kvar veke vert det dette faget som får hovedfokuset. Det hjalp eindel å få flytta fristen til søndag, for då vert det meir ro over skrivinga: eg har fått litt tid til å fordøya inntrykka etter timane.

Men eg er ikkje utelukkande negativ til bloggaktiviteten. For det første krev det at eg heile tida er oppdatert i faget. Eg må setja eigne ord på tema me har hatt, og det er lærerikt å lesa dei andre sine bloggar. Eg trur dette har ført til at eg har lært meir enn eg elles ville gjort. Blogginga krev jamn lesing og førebuing: her nyttar det ikkje med skippertak. Eg ser gjerne at me held fram med blogginga til våren, men då har eg eit stort ønske om at me skriv blogg annakvar veke! Eg ønsker å kunna bruka meir tid på matte og norsk og. Desse faga krev jo og at ein jobbar jamnt og trutt for å læra skikkeleg det ein skal. Men dette semesteret har dei vorte sett i skuggen av pedagogikkfaget - og slik bør det ikkje vera. Lurer på kva lærarane i norsk og matte tenkjer om dette?

No tar eg i vertfall julaferie, og ønsker lærarar og elevar i A1 god jul og godt nyttår!

søndag 30. november 2008

Læringsstilar - med plass til alle

Denne veka har me, blant anna, lært om Bostrøm og hennar læringsstilar. Ho er oppteken av korleis forskjellige folk lærer: kva faktorar som er viktige og derav har ho utarbeida VAKT -prinsippet. Bostrøm meiner at der er fire hovudretningar innan læringsstilar:
Visuell, Auditiv, Kinestetisk og Taktil.
Ho meiner at dei fleste elevar lærer gjennom alle desse læringsstilane, men at det er nokre elevar som har ein læringsstil som er meir dominerande enn andre. Bostøm meiner at desse elevan må få undervisninga tilpassa den dominerande læringsstilen sin for å oppnå ein god læringssituasjon.

Elevar med ein dominerande visuell læringsstil likar å få ny kunnskap presentert skrifleg, likar å ta eigne notater, og les gjerne mykje. Tradisjonelt har denne læringsstilen vore mykje brukt i norsk skule.
Auditive elevar foretrekker munnlege framstellingar, gjerne forelesningar, og lærer mykje ved å delta i diskusjonar. I nyare tid, særskilt etter L 97, har ein også lagt stor vekt på denne arbeidsforma i skulen.
Elevar med ein Kinestetisk læringsstil treng å bruka heile kroppen for å oppleva god læring.Ekskursjonar vil ofte vera midt i blinken for desse elevane, som og er avhengige av at læringssettinga oppleves positiv for å kunna prestera. Elevar med ein dominerande kinetisk lærinsstil er oftast ikkje rasjonelle, men let seg styra av kjensler. Desse elevane har tradisjonelt hatt trange kår i den norske skulen, og vert gjerne oppfatta som krevande. LK06 gir heller ikkje mykje plass til kinestetisk dominerte elevar, då denne reforma vektlegg sterk teoretiske fag.
Taktil læringsstil kallar Bostrøm det om elevar som må bruka hendene aktivt når dei konsentrerer seg. Desse elevane har stort utbytte av aktiv deltaking i f.eks. prosjekt og rollespel, og om dei skal lesa noko bør stoffet vera actionfult.Taktile elevar vert gjerne oppfatta som eit uromoment då dei heile tida må "pitla" med noko.

Eg veit ikkje om det er gjort kartlegging for å finna ut styrkeforholdet mellom dei forskjellige læringsstilane: Korleis elevgruppa ville vorte delt prosentvis på dei einskilde læringsstilane. Det hadde vore veldig interessant å visst, då dette kunne hatt stor betydning på korleis undervisniniga burde vore organisert, og korleis elevgruppene kunne vorte delte på mest fordelaktig måte. Fram til no er det elevar med visuell og/eller auditiv læringsstil som har hatt best kår i skulen, medan det har vore vanskeleg å finna plass til elevar med kinestetisk eller taktil læringsstil. Det burde vera mogeleg å gi alle grupper like gode arbeidsvilkår, men det krev langt fleire ressursar inn i skulen enn det ein har i dag.

søndag 23. november 2008

Språk i eit sosiokulturelt perspektiv

Språket er det viktigaste verktøyet me har. Språket gir identitet og via språket foregår det meste av sosial omgang. Då eg vaks opp budde det ei døv jente i nabolaget. Ho var nokre år yngre enn meg, så me var aldri på veninnenivå, men noko omgang hadde me. Eg såg at ho vart veldig isolert, sjølv om ho var flink til å lesa på leppene. Det vart stort sett berre korte overfladiske samtalar med henne, og då gjerne ved hjelp av penn og papir.Ho klarde ikkje å følga ein samtale når fleire var samla, og vart liksom berre sitjande der og smila.At ho i tillegg var veldig sjenert og lite utadvent gjorde det ikkje lettare for henne.Det var tydeleg at ho ikkje var ein del av det språklega fellesskapet i nærmiljøet,og det vart vanskeleg for alle partar. Det gjekk greit å "snakka" om vær og vind, men samtalen stranda som regel fort og lenge før ein kom inn tankar og følelsar. Ho gjekk på døveskule i Bergen og fann sin plass i det miljøet. Ho var stort sett berre heima i feriane og dermed utvikla me heller ikkje noko fellesspråk me eventuelt kunne byggja vidare på. Treffest me i dag vert det stort sett berre "Hei," og nokre korte overfladiske fraser.

Språket er og veldig viktig i ein læringssituasjon. Det hjelper mykje å setja ord på ting når ein skal forstå noko, og med samtale kan ein finna ut av kvar andre sine tankar. Då kan ein læra av kvarandre, og ein drar nytte av kvarandre sine erfaringar.I ein lærar - elev situasjon er det viktig med god kommunikasjon for å forstå kvarandre slik at god læring kan skje.
Me brukar språket heile tida, enten munnleg eller skrifleg. Det aller meste av lærdom og innformasjon me får er via språket. Det er ein så viktig og naturleg del av oss at me sjelden tenker over det. Først når ein kjem opp i situasjonar der ein har ønske om å kommunisera, men ikkje har noko felles språk ser ein kor vanskelg og slitsomt det vert.Alt levande, både dyr og menneske jobbar instinktivt for å få ta del i språket til familien, klanen og nasjonen. Kommunikasjon og sosialt samspel er eit av primærbehova til alt levande. Mor-barn samspelet vert det første språket barnet får erfare, og dette er utruleg viktig for barnet si seinare utvikling som sosialt vesen. Behovet for kommunikasjon er medfødt!

Både Vygotskij og Piaget legg stor vekt på språket sin plass i barnet sin intelektuelle utvikling, men dei er uenige om kva rekkefølge ting skjer i. Piaget meinar at utviklingen går fra det individuella til det sosiale: at barnet sin intelektuelle utvikling er ein sjølvstyrt prosess. Vygotskij derimot meiner utviklingen går fra det sosiale til det individuelle, og at barnet sin intelektuelle utvikling er sosialt betinga - at barnet er sosialt orientert fra starten av. Eg har vel allereie avslørt kven eg er mest enig med.

søndag 16. november 2008

Konstruktivisme

Denne veka har me snakka mykje om Piaget og hans mentale skjema og læringsmodeller. Piaget skiller mellom assimilasjon og akkomodasjon som handler om å tilpasse skjemaene i læringsprosessen.
Assimilasjon vil sei "å tilpasse verden til seg selv." Dette er ein prosess ein ofte ser hos små barn. Eit barn forklarer gjerne det det lærer ved å tilpasse ny kunnskap slik at den passer inn i det barnet kjenner fra før:"Det vert kveld fordi sola går og legg seg" - barnet legg seg når det er kveld, og for barnet er dette den kjente måten å avslutta dagen på: dermed vert det naturleg å tru at alt annet avslutter dagen på same måte.
Dersom ingen forklarer barnet korleis dette med solnedgang eigentleg heng saman vil det ikkje utvikle sin kunnskap på området. Men for at læring skal skje må barnet vera moden for det, elles vil det ikkje forstå noko og dermed ikkje vera i stand til å ta til seg ny viten, bearbeide den og utvikle sin kompetanse: akkomodasjon vil ikkje skje. Me kallar det akkomodasjon "når ein tilpasser seg sjølv til verden." Det vil sei at ein tar til seg ny læring,bearbeider den ved å revurdere eller utvide eksisterende skjema og kjem fram til nye svar ved hjelp av kunnskap ein har fra før. Kunnskapen vert utvida og ein får eit eigedomsforhold til den.

Veldig langt tilbake i historien trudde ein at jorda var flat, og den som prøvde å overbevisa folket om at jorda faktisk er rund vart gjerne brent på bålet. Det var få som var villige til å gå inn i ein akkomoderende læringsprosess, og dermed vart det så som så med utvikling av kunnskapsområdet.
Me skal vera glade for at nokre aldri gir opp i sin iver etter å undervise folket.

Når ein opplever ubalanse i forholdet mellom kjent kunnskap og ny viten, vert det skapt ein indre motivasjon til å gjera noko med saka, og ein vert villig til å gå inn i ein bearbeidande prosess for å finna ut korleis ein kan retta opp att ubalansen.
I følge Piaget er dette ein medfødt prosess som skjer automatisk. Me har tidlegare snakka om at motivasjon er heilt nødvendig for at læring kan skje, og at indre motavasjon er den mest effektive. Dette aktualiserer kor viktig det er med tilpassa undervisning, og at kvar einskild elev får utfordringar som er akkurat eit hakk over det nivået eleven ligg på. Dermed kjem me inn på "Kunnskapstrappa" til Bloom som er heilt i tråd med eit konstruktivistisk læringssyn.

I ein hektisk skulekvardag er det ikkje lett for læraren å sjå til at alle elevane får den tilpassa opplæringa dei har krav på, og dette er nok ein av grunnane til at mange synest det er kjedeleg på skulen. For nokre vert skulen for lite utfordrande medan andre synest det vert stilt for store krav. Dermed må ein ofte prøva å finna den gylne middelveg, som fort kan verta kjedeleg for enkelte. Det skal neimen ikkje vera enkelt!!

søndag 9. november 2008

Kognoitive læringsmetodar

Det eg hugsar aller best fra pedtimane denne veka er at Steinar stod oppå eit bord og prøvde å fyka!Men det var sikkert ikkje det han håpa eg skulle hugsa best...
Elles synest eg temaet er veldig interessant, for eg er sjølv kjend blandt venner og familie for å vara distre og gløymsk: Eg kan gå igang med å lese lekse med friskt mot, men når eg blar om ei side oppdagar eg at eg har vore innom desse sidene før - med markør og kommentarer. Eg kan på ingen måte hugse at eg hadde lese det, men skrifta er mi...Gjett om eg gruar meg til eksamenslesing!
Eg har surra rundt på parkeringsplassen på Haukeland og fortvila leita etter bilen min, som var søkk borte. Etter ei stund oppdaga eg ein bil som var pynta med Brann-skjerf og vimplar på same vis som Vectraen til min sønn. Då først kom eg på at eg hadde lånt bilen hans denne dagen...
Min mann har ringt til meg medan eg har vore i Haugesund og minna meg på å fylla diesel på bilen før eg skulle kjøra heim. Ein halvtime seinare stod eg i Valevågen med dau bil: skålande tom for drivstoff. Eg hadde vore innom bensinstasjonen etter at eg snakka med han, men då kjøpte eg bare ein sjokolade...
"Skremande!" seier mor mi. "Spenning i kvardagen", seier eg. Men det kan bli nok spenning. Eg tar i mot alle gode råd for å sleppa slike episodar!
Elles må eg tilføya at kvardagen stort sett går greit.

Denne veka lærte me ein teknikk for å få teoretisk lærdom til å lagrast betre.Ei reise i kjent landskap fungerte fint og no vil eg prøva å plassera dei forskjellige undervisningsteoriane i forskjellige rom i huset mitt. Vygotsky, som er opptatt av språk og dialog, kan jo få plass på badet samen med Indianeren som sa Arg! Pavlov skal få bryna seg på Cannadagåsa på kjøkkenet. Så kan han prøva ut teorien om stimuli og respons på denne. Kansje han får den til å bjeffe når han ringer med ei bjelle? Dette kan bli festleg.

Elles trur eg det er viktig å bruka fleire sansar når ein skal læra noko, ikkje bare intellektet. Eg trur vegen til automatisering vert kortare om ein sjølv får prøva seg fram så konkret som mogeleg. Konsentrasjon og interresse er to svært viktige faktorar når noko skal lærast. Ein kan ikkje tvinga hjernen til å arbeida når den ikkje vil, eller er sliten. Dette trur eg er veldig viktig for lærarar å ha i mente. I løpet av ein skuledag må elevane konsentrera seg mykje, og siden pensum stiller like krav til alle, må elevane konsentrera seg om, og tvinga seg til å læra, mykje dei gjerne ikkje er det spor interessert i. Då vert det av og til slitsomt å vara elev, og ønska lærdom går tregt. Dette stiller store krav til læraren, som gjerne skulle vore tusenkunstnar.
Kvardagen for ungar flest i dag er prega av alt for lite fysisk aktivitet og for lite varierte sanseinntrykk. Dei tilbringer store delar av dagen sitjande på ein stol med hjernen på høgt aktivitetsnivå. Skulen er blitt veldig teoretisk , og det igjen krev at elevane forheld seg fysisk rolege. Vel heime att vert mange sitjande framfor ein skjerm: TV eller PC. Dei vert skjeldent skikkeleg fysisk slitne, uro i kroppen hopar seg opp og konsentrasjonen vert deretter. Ungane vert slitne på feil måte, og må stengja inne mykje energi dei ikkje får brukt på fornuftig vis. Når ein ikkje konsentrerer seg om det ein lærer klarer ikkje hukommelsen å lagra lærdommen og ein må læra det same fleire gonger. Manglande automasjon går ut over kapasiteten i arbeidsminnet, og det vert enda tyngre å hugsa det ein lærer. Etter mi meining burde kvar skuledag starta med ein time utendørsaktivitet: gjerne ein god spasertur.

Dette var jo eit godt råd. Det skal eg jammen ta i bruk sjølv og: Heretter vert det mindre lesing og meir tur på meg!!Kansje eg då hugsar å kjøpa diesel i staden for sjokoladen neste gang...

lørdag 18. oktober 2008

Behaviorisme eller ikkje?

Det er mange læringsteoriar ute og går, og mykje fornuftig i dei fleste av dei. Kven som er mest populær skiftar etter som tid og læreplanar skiftar: det vert gjerne ei motesak, og pendelen svingar jamnt og trutt...
Det ideelle hadde vore om alle elevane var motivert for sjølve læringa ut frå eiga interesse og drivkraft. Men me veit jo godt at slik er det ikkje. Elevane er ikkje ei homogen gruppe, men likevel skal dei pressast gjennom same forma - satt litt på spissen.

TPO, ja, men pensum og eksamenar er det samme for alle elevane i heile landet.Her er tatt lite hensyn til interesser og forutsetningar og valalternativa er svært avgrensa. Det er sagt mykje godt om Kl-06, men denne reforma utelukkar alle sjansar elevane tidlegare hadde til å velga ut fra interesser: no er språk einaste valfaga dei får. Slutt er det på båtførarprøven, mopedlappen,fotballskulen, skuleavisa eller yrkesutplassering elevane kunne ta tidlegare.
Skulen vert meir og meir teoretisk, og for elevar som er slitne og lei av heile greia er det få pusterom fra dei teoretiske faga i løpet av veka. Korleis i all verda kan ein forventa at elevar som trivest best med praktiske fag skal kunna motivera seg sjølv når 85% av timeplanen består av teori? Alle er ikkje interessert i å læra språk eller synest det er spennande å finna ut kor mange kakestykker kvar får om ein deler på 5. Mange treng å sjå håndfaste resultat av arbeidet sitt: ein fuglekasse,flotte gryteklutar, ein eigenprodusert radiostyrt motor el.l. Eller dei treng konkrete bevis for at denne lærdomen er viktig: kor mykje materiale må snekkaren eg jobbar hos bruka for å dekke den veggen me skal setja opp i dag? Dette vert det alt for lite av i dagens skule. Først når elevane er ferdig med 10 år i grunnskulen kan dei velga seg inn på praktiske liner, men også i yrkesskulen har "byar i Belgia" gjort sitt inntog etter KL06!

Korleis då motivera elevar som meste ikkje ser lyset i enden av tunellen? Det er her behaviorismen kjem inn. "Dersom eg les så og så mykje på prøven kan eg håpa å få ein femmar." Det vert motivasjonen for å gå laus på dei 30 sidene om den franske revolusjonen som prøven skal handla om.Hadde det ikkje vore snakk om kararkterar i andre enden trur eg ikkje mange hadde gidda å lese desse sidene. Det vert veldig snart snakk om å tilfredstilla andre sine krav og forventningar til det ein presterer, for veldig menge elevar slit med å sjå nytta av alt som skal lærast. Sjølvsagt varierer dette veldig fra elev til elev, men eg vågar å påstå at ingen elevar er lika interessert i alt i alle fag. Då må det gjerne ein ytre forsterking/ motivering til for å få arbeidet gjort, og så får ein håpa at eleven plukkar opp noko kunnskap undervegs i prosessen.

Om ikkje karakterane er nok i seg sjølv kan ein forsterka også dette "lokkemiddelet":
Eg veit om fleire foreldre som har sett prislapp på karakterane: kr 200,- for ein 6ar og hundrelappen for ein 5ar. Standpunktkarakterane vert gjerne lønna med høgare takst...
Behaviorisme? absolutt!

Eg trur at det ofte er foreldre og lærarar sine forventningar som driv elevane til å jobba. Innsikt i eige behov for å læra og å utvikla seg vert overskygga av krav om produksjon og resultat uansett kva ein synest om oppgåva. Sjølvsagt er det ikkje alltid slik: dei fleste elevar har gjerne eit eller fleire fag dei likar å jobba med og driv seg sjølv fram i arbeidet, men arbeidsiveren er nok svært varierande fra fag til fag. Slik trur eg det alltid vil vere. Tross alt er det lettast å læra noko du sjølv synest er interessant, medan uinteressann lærdom nærast må puttast inn med teskei. Siden alle må læra alt enten ein vil eller ei vert motivasjonen ofte deretter. Då vert det tross alt lettare å yta litt ekstra om snarleg løn er innan rekkevidde.

Behaviorisme som læringsteori i skulen er nok omstridt, men er det praktisk mogeleg, i dagens skulesystem , å utelukka den?

fredag 10. oktober 2008

Klasseleiing

Då eg ikkje har vore på skulen denne veka er det litt vanskeleg å gå igang å skriva blogginnlegg, men det er nå verdt å gjera eit forsøk likavel. Eg har som mål å bli ein dugande engelsklærar, og planen er å vitja England ein gong kvart år. Det syntes eg måtte passa fint å gjera i haustferien, som eg for seint oppdaga at me ikkje skulle ha. Siden turen allerei var betalt drog eg avgårde med friskt mot og vel heime att er eg kansje litt nærare målet...

"Ogden" var med på flyturen og grundig studert. Det eg beit meg mest merke i er kor sterkt han vektlegg skulestarten: "Det sosiale mønsteret utvikles fra første dag...","Den sosiale strukturen etableres samtidig med at regler og rutiner innarbeides", og videre: "Denne første tiden brukte effektive lærer til å sikre seg best mulig kontakt med, men også kontroll i, klassen."
Det tydeleg at den første tida kan bli avgjerande for korleis klassemiljøet utviklar seg.

Eg har ein gut og ei jente som byrja i kvar sin 8. klasse i år: ny skule, nye lærere og mange nye klassekamerater.Kontaktlæraren guten har fått er kjent for å ha klassar med veldig godt læringsmiljø, medan jenta går i ein klasse med "vanleg flinke og greie lærarar." Det er spennande å fylgja desse to parallelle klassane.Første veka i haust var veldig forskjellig i dei to klassane: Jenta sin klasse kom tidleg igang med vekeplan og lekser, og arbeidsrutinane vart godt etablerte.Ho trivest greit på skulen men det har ho forsåvidt alltid gjort. I guten sin klasse var det lite lekser først veka. I stedet brukte dei mykje tid på sosiale aktivitetar med vekt på å bli godt kjende med kvarandre. Han stortrivest i klassen og er veldig motivert for skulearbeid. Dette er ein gut som har vore møkklei alt som minnar om skule i fleire år og eg som mor har grua meg veldig til han skulle over på ungdomsskulen.Her har skjedd ei stor endring i hans oppleving av skulekvardagen!
Sjølv om læraren la stor vekt på det sosiale den første veka var ho og veldig tydeleg på kven som er leiaren i klassen. Dette gir trygghet: ungdomane treng ikkje kjempa om sjefsjobben - den er allereie besatt. Denne læraren er og veldig flink til å sjå kvar einskild, og elevane vert glad i henne. Ho appellerer til deira lojalitet.
To av mine eldre ungdomar har og hatt den same læraren , og dei minnest tre kjekkke år med henne.(Prøv berre ikkje å snakka nedsetjande om henne!)Ho er eit flott forbilde for ein fersk lærarstudent.

Etter å ha kikka på powerpoint-presentasjonane til Aashild denne veka ser eg at eg har gått glipp av mykje. Vart overraska av å lesa at norske elevar først og framst ser på skulen som ein sosial arena og er mindre interessert i faga. Men det stemmer vel med resultata fra diverse testar: norske elevar gjere det dårleg fagleg men scorar høgt på trivsel. Det er vel motsett av kva finske elevar gjere?
Akkutat dette veit eg for lite om til å meina mykje om, så dette temaet får liggja for denne gang.

Sikkert er det i vertfall at læraren enno spelar hovedrolla for miljøet i klassen. Ein god lærar må inneha særs mange gode kvalitetar. Forhåpentlegvis kan mykje lærast - også for oss vanlege dødelege.

fredag 3. oktober 2008

Undervisningsplanlegging

Det er stadig noko nytt å læra, og no er me komen til planlegging av undervisning.Det er neimen ikkje lite som skal planleggjast: årsplanar,vekeplanar, timeplanar, einskildtimar, foreldremøter og elevsamtalar.I tillegg må ein tenkja på at alle elevane har krav på tilpassa undervisning, og kansje det er ein og to som skal ha utfylt og godkjent IOP kvart semester.Det gjeld for læraren å ha tunga rett i munnen og stø kurs mot målet, som er så klart definert i læreplanen KL06.

Siden ein klasse eller elevgruppe ikkje er homogen set det store krav til den som planlegg ei undervisningsøkt. Det er om å gjera å fanga interessa til alle, for å få ein god læringssituasjon.Eg meiner at det viktigast av alt er ein lærar som er oppriktig interessert i og engasjert i det han skal undervisa i: elevane må få ei oppleving av at dette han no vil formidla er det verdt å kunna! Når ein ønsker å læra noko opnar ein sansane for inntrykk og tar imot det som vert formidla.

Så må ein vurdera kva som er best tjenleg måte å formidla ny kunnskap på: Kan det konkretiserast? Egnar det seg som samarbeidsoppgåve der elevane leitar seg fram til ein konklusjon eller fungerer nedt dette temaet best med modellæring slik Bandura skisserer?
Videre må ein ta hensyn til rammefaktorene: utstyr, rom, klassestørrelse og tid tilgjengeleg til dette temaet.
Ikkje minst må ein vurdere elevgruppa: kan alle følge same opplegget, eller krevst det ekstratiltak for at alle skal få det med seg? Ein må og tenkja på korleis ein kan halda entusiasmen oppe både hos dei som jobbar raskt og dei som treng heile timen ( og vel så det ) for å bli ferdig.
Under heile planleggingsprosessen må ein ha i bakhovudet at aktiviteten i timen skal ha eit formål. Opplegget skal opplevast meiningsfullt for elevane, og når temaet er avslutta skal elevane sjølve kunna sjå at dei har lært noko og at dei får til å bruka den nye lærdomen.

Jaha, dette var mine tankar om kva ein bør leggja vekt på i planleggjingsprosessen, men får eg til å gjera det i praksis? Det er eit heilt anna spørsmål.

søndag 28. september 2008

Pedagogisk grunnsyn

Det er ikkje lett å definere sitt pedagogiske grunnsyn etter 22 dager med undervisning og 4 dager praksis.Grunnlaget vert noko spinkelt...
Etter å ha lese til auga vart stort og vått har eg likevel komme fra til ein konklusjon: Mitt pedagogiske grunnsyn i dag er fenomenologisk med forankring i Vygotsky sin sosiokulturelle teori.

Kvifor fenomenologisk?Eg har fått prøvd ut i praksis kor viktig det er å sjå ting frå eleven sitt ståsted og prøva å forstå korleis han tenkjer. Rett nok har eg ikkje prøvd det som lærar men som fostermor. Eg er fostermor til ein gut på 13 år. Han har budd hos oss i fem år. Etter nokre månader då det meste var spennande for alle partar fekk me eit par år som var knalltøffe. Han reagerte så heilt annleis enn mine biologiske barn på forskjellig, og eg forstod han ikkje: Eg fann ikkje ut av væremåten hans og opplevde han som tverr og vanskeleg. Han på si side syntes eg var utruleg plagsom som ville tvinga han til alt muleg han var heilt imot.(t.d. å læra engelsk, "for han skulle aldri til England").
Bufetat og andre etater stilte opp med kurs og veiledning, og eg fekk ei grundig innføring i korleis barn med hans problem tenkjer og oppfatter verden rundt seg: at deira generalisering av verden kunne vara heilt annleis enn for ungar som aldri hadde opplevd alvorlege traumer i tidleg barndom.
Eg fekk" knagger å hengja ting på",eg lærte å kjenna att reaksjonsmønsteret hans og sjå samenhengen og det beste av alt: eg forstod kva som foregjekk på" innsida" hans.Det forandra min holdning til han, og då han forstod at "Sissel veit korleis eg har det" forandra det hans holdning til meg. No er me ikkje lenger i ein evig kamp. Derimot er me i eit tett samspel. Han veit at eg veit korleis han har det, kva behov han har og kva draumar han har. Dermed klarer han å slappa heilt av, treng ikkje kjempa for å ivareta sine interesser og er trygg på at me begge er enige om kva som er best for han. Lekser er framleis ikkje kjekt, men me er enige om at dei er viktige og jobbar oss ilag gjennom dei. Og han har sjølv satt seg som mål å klara 5 i nettopp engelsk - som han nekta å læra for tre år siden.

Men sosiokulturellt? Eg trur at det å føla seg som ein del av noko stort er utruleg viktig: å vara ei lekkje i ein kjede av generasjonar, og å vara ein del av eit kulturellt fellesskap. Det gir identitet, og grobunn for vokster og utvikling: "Eg er ein del av ein heilhet og no er det min tur til å setje mine spor i verden." Siden det er unødvendig at kvar generasjon finn opp hjulet på nytt kan kvar einskilt byggja sin lærdom på det forfedrane gjorde før oss og dra nytte av det. Samstundes lærer og utvikler me oss som medmenneske i samspel med dei me har rundt oss og vert forma av det: me vert ein del av det sosiale felleskapet.

Dette er dei tankane eg har gjort meg opp om mitt pedagogiske grunnsyn i dag. Eg er spendt på korleis eg definerer det etter nokre år som lærar.

torsdag 11. september 2008

Korleis overleve med fjortiser!

Steinar spør etter tips om korleis lukkast med vanskelege fjortisar.
Spørsmålet er heller korleis overleva saman med dei!
Ein psykolog sa ein gong at første bud for tenåringsforeldre er å halda seg i god fysisk form - då held ein ut lenger.Det er viktig å vera tydeleg vaksen.Ein må vera klar på kor grensene går, orka å gå inn i konfliktar og stå løpet ut. Det set ungdomane stor pris på, ivertfall når diskusjonen har roa seg og dei får tenkt seg om. Det viser seg at ungdomar som sjølv får styra eigne grenser faktisk misunner dei som vert hanka inn av foreldre som "skal bry seg med alt mogeleg".

I pedagogikktimane denne veka har me snakka ein del om at ting kan oppfattast ulikt frå person til person.Dette er absolutt aktuelt i omgang med fjortisar.Dei er djupt inne i eit "usikker på meg sjølv" modus og har ofte problem med å tolka både ris og ros slik det var meint frå avsendaren si side. Her må ein trø varleg!!Ofte kan dei framstå som brautande sjølvsikre, men innerst inne er dei frykteleg sårbare: Livet vert ein berg og dalbanetur i følelsar og hormonsvingingar. Dei treng bøttevis med konstruktiv ros og bekrefting på at dei er viktige.Det er viktig å forsikra seg om at det du seier faktisk vert oppfatta slik du meinte det, og ikkje som kritikk av deira person, interesser, klær eller holdningar.

For all del:livet med fjortisar er ikkje bare diskusjonar, misforståelsar og tårer. Dei er samstundes veldig engasjerte i det som skjer rundt dei og dyktige i veldig mykje: Mang ein stolt ungdom har rolla som dataeksperten i huset, og det er triveleg med all liv og røre det ofte er rundt dei. Dessuten er fjortisane blitt så vaksne at dei fungerer flott som arbeidskamerater og samtalepartnarar.

Dette er bare nokre tankar rundt mine erfaringar som mor til fjortisar. I skule og arbeidssamanhengar vert dei gjerne oppfatta heilt annleis enn heime. Det er har eg eit godt døme på: Eine jenta mi var oftast sur og misnøgd med alt heime, men på skuleavslutninga stakk ho av med smileprisen! Som veninna sa: "Stine er jo alltid så smilande, og så ler ho så lett". Gjett om mor var overraska (og glad og stolt).
11. september 2008 00:37
Legg inn en kommentar
Eldre innlegg Start
Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom)

torsdag 4. september 2008

Kvifor vil eg bli lærar?

Skal eg væra ærleg så veit eg ikkje om det er lærar eg vil bli, men eg er arveleg belasta med kjærleik for bøker og då er jo skulen ein grei plass å starta.( Om berre ikkje PC - bruken tar heilt overhand). Eg er mor på 23. året og veldig fasinert over desse merkelege skapningane som kallast barn. Rett nok er eg for tida møkk lei fjortiser men og samstundes imponert over alt ungdomar kan klare når forholda vert lagt til rette.( Og dei legg av seg " kul - og - kritisk" holdningen).Som fostermor har eg gått på mange kurs som handlar om barn med særskilte behov, og synest det er eit spennande felt. Har ved mange høve fått sett ungar/ungdomar som blomstrar etter å ha opplevd mestring i ulike samenhengar.Eg ønsker å vara ein del av barne/ungdomsmiljøet sjølv om mine eigne ungar vaksnast, og då gjerne som spes.ped.

Læraren i dag har mange oppgaver i tillegg til rein undervisning. I eit hektisk samfunn med mange ustabile familieforhold vert han lika mykje omsorgsperson og sosialarbeidar.Læraryrket kan nok opplevast som både utfordrande og tøft men forhåpentlegvis også meiningsfylt og givande.Kjedeleg er det sikkert ikkje!

onsdag 27. august 2008

Ein lærar eg minnest - på godt og vondt

Det var stor spenning første dag på ungdomsskulen.Alt var nytt for oss: bygningane, lærarane og mange nye medelevar. "Forgjengarane" våre hadde innformert oss eindel, og me var godt orienterte om kjedelege, farlege, snille eller kule lærarar.

Klassen vår var tildelt den tøffaste læraren: dyktig, smart og kjapp i replikken.Han styrte klassen med fast hånd, morsomme historiar og fagleg dugleik.

Me var på alle måtar ein krevande klasse som i løpet av barneskulen hadde slete ut (og meste knekt) mang ein stakkars vikar.På ungdomsskulen vart me tatt hånd om av "drømmelæraren " til alle foreldre, og me vart nokså omgjengelege.

Læraren vart aldri hissig men fekk på ein roleg og bestemt måte forklart kva han meinte.Dessuten var han veldig morsom.Vitsar og historiar sat laust og han var nokså røff til tider.Men alt var ikkje bare fryd og gamen:Han brukte mykje ironi og dette kunne gå ut over nokre av elevane.Spesielt elevar som var litt "trege" kunne blitt hengt ut.Me forstod vel ikkje heilt kva som foregjekk og syntes han var veldig morsom.Men ein gong gjekk han over streken: Me hadde hatt matteprøve og utdeling av resultatet stod for tur.Matte var læraren sitt favorittfag og han og han la ikkje skjul på at han var veldig stolt av dei flinkaste elevane.

Konkurranseinnstinktet i klassen var stort, og me ville gjerne at alle karakterane skulle lesast opp.Ei av jentene, Kristin,protesterte veldig.Det var ingen løyndom at ho sleit med skulearbeid generelt og matte spesielt.Ho sa klart i fra:"Eg vil ikkje at du skal lesa opp min karakter!"

"Neida",svara læraren."Eg skal ikkje røpa at Kristin fekk NG på prøven,"fortsatte han.

Klassen syntes han var kjempemorsom og lo godt.Men me la og merke til uttrykket til Kristin, og 13 år gamle forstod me noko læraren sjølv ikkje forstod: denne gang hadde han gått for langt!


Eg kan ikkje huska om han beklaga episoden etterpå, men eg håpar sjølvsagt det.I ettertid ser eg at denne læraren nok fekk klassen med seg med sin røffe stil, og stort sett likte me han veldig godt. Men tryggheten mangla, og det er vesentleg for kvisete, hormonbelasta tenåringar!

fredag 22. august 2008

Dette var ikkje lett,men nå trur eg at eg har fått det til.