søndag 28. september 2008

Pedagogisk grunnsyn

Det er ikkje lett å definere sitt pedagogiske grunnsyn etter 22 dager med undervisning og 4 dager praksis.Grunnlaget vert noko spinkelt...
Etter å ha lese til auga vart stort og vått har eg likevel komme fra til ein konklusjon: Mitt pedagogiske grunnsyn i dag er fenomenologisk med forankring i Vygotsky sin sosiokulturelle teori.

Kvifor fenomenologisk?Eg har fått prøvd ut i praksis kor viktig det er å sjå ting frå eleven sitt ståsted og prøva å forstå korleis han tenkjer. Rett nok har eg ikkje prøvd det som lærar men som fostermor. Eg er fostermor til ein gut på 13 år. Han har budd hos oss i fem år. Etter nokre månader då det meste var spennande for alle partar fekk me eit par år som var knalltøffe. Han reagerte så heilt annleis enn mine biologiske barn på forskjellig, og eg forstod han ikkje: Eg fann ikkje ut av væremåten hans og opplevde han som tverr og vanskeleg. Han på si side syntes eg var utruleg plagsom som ville tvinga han til alt muleg han var heilt imot.(t.d. å læra engelsk, "for han skulle aldri til England").
Bufetat og andre etater stilte opp med kurs og veiledning, og eg fekk ei grundig innføring i korleis barn med hans problem tenkjer og oppfatter verden rundt seg: at deira generalisering av verden kunne vara heilt annleis enn for ungar som aldri hadde opplevd alvorlege traumer i tidleg barndom.
Eg fekk" knagger å hengja ting på",eg lærte å kjenna att reaksjonsmønsteret hans og sjå samenhengen og det beste av alt: eg forstod kva som foregjekk på" innsida" hans.Det forandra min holdning til han, og då han forstod at "Sissel veit korleis eg har det" forandra det hans holdning til meg. No er me ikkje lenger i ein evig kamp. Derimot er me i eit tett samspel. Han veit at eg veit korleis han har det, kva behov han har og kva draumar han har. Dermed klarer han å slappa heilt av, treng ikkje kjempa for å ivareta sine interesser og er trygg på at me begge er enige om kva som er best for han. Lekser er framleis ikkje kjekt, men me er enige om at dei er viktige og jobbar oss ilag gjennom dei. Og han har sjølv satt seg som mål å klara 5 i nettopp engelsk - som han nekta å læra for tre år siden.

Men sosiokulturellt? Eg trur at det å føla seg som ein del av noko stort er utruleg viktig: å vara ei lekkje i ein kjede av generasjonar, og å vara ein del av eit kulturellt fellesskap. Det gir identitet, og grobunn for vokster og utvikling: "Eg er ein del av ein heilhet og no er det min tur til å setje mine spor i verden." Siden det er unødvendig at kvar generasjon finn opp hjulet på nytt kan kvar einskilt byggja sin lærdom på det forfedrane gjorde før oss og dra nytte av det. Samstundes lærer og utvikler me oss som medmenneske i samspel med dei me har rundt oss og vert forma av det: me vert ein del av det sosiale felleskapet.

Dette er dei tankane eg har gjort meg opp om mitt pedagogiske grunnsyn i dag. Eg er spendt på korleis eg definerer det etter nokre år som lærar.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Interessant innlegg som koplar personlege erfaringar med teori. Teoriane du trekkjer fram, er svært relevante for det du skriv, så du er på god veg i å utvikle ditt pedagogiske grunnsyn.

På bakgrunn av det du skriv, reknar eg med at du heller mot den progessivistiske retninga, men at du også tar med sider frå tradisjonalismen. Kva sider frå den tradisjonalistiske leiren vil du trekkje fram som viktige, og kvifor det?

Sissel S.G. sa...

Tradisjonalismen legger stor vekt på faget, og det meiner eg og er viktig.Tradisjonell "tavleundervisning" kan opplevast som oversiktleg og forutsigbar, og er nok lettare å organisera i store klassar enn prosjekt, gruppearbeid og stasjonsundervisning.
Men skal ein vekkja nyfikna og spørsmåla til elevane trur eg ein må sjå på dei progressivistiske teoriane. Desse fokuserer meir på elevane, deira erfaringar og forutsetningar i ein læringssituasjon og gir meir rom for undring. Elevane kan lettare sjå samenhengen med det dei har lært før og bruka gamal kunnskap når dei lærer noko nytt: erfaringingspedagogikk. Eg vart sjølv undervist i tråd med tradisjonalismen. Siden eg alltid har vore pliktoppfyllande og likt skulearbeid lærte eg det som var forventa. men eg minnest ikkje at me nokon gong undra oss og grubla over det me lærte: at me sjølve kunne setja det i ein samenheng og prøva å finna nye innfallsvinklar var liksom aldri aktuelt. Me lærte oss formlar og reglar og brukte dei, men det krevde både pugging og "ordenssans".

Steinar sa...

Takk for eit godt og oppklarande svar!