fredag 3. oktober 2008

Undervisningsplanlegging

Det er stadig noko nytt å læra, og no er me komen til planlegging av undervisning.Det er neimen ikkje lite som skal planleggjast: årsplanar,vekeplanar, timeplanar, einskildtimar, foreldremøter og elevsamtalar.I tillegg må ein tenkja på at alle elevane har krav på tilpassa undervisning, og kansje det er ein og to som skal ha utfylt og godkjent IOP kvart semester.Det gjeld for læraren å ha tunga rett i munnen og stø kurs mot målet, som er så klart definert i læreplanen KL06.

Siden ein klasse eller elevgruppe ikkje er homogen set det store krav til den som planlegg ei undervisningsøkt. Det er om å gjera å fanga interessa til alle, for å få ein god læringssituasjon.Eg meiner at det viktigast av alt er ein lærar som er oppriktig interessert i og engasjert i det han skal undervisa i: elevane må få ei oppleving av at dette han no vil formidla er det verdt å kunna! Når ein ønsker å læra noko opnar ein sansane for inntrykk og tar imot det som vert formidla.

Så må ein vurdera kva som er best tjenleg måte å formidla ny kunnskap på: Kan det konkretiserast? Egnar det seg som samarbeidsoppgåve der elevane leitar seg fram til ein konklusjon eller fungerer nedt dette temaet best med modellæring slik Bandura skisserer?
Videre må ein ta hensyn til rammefaktorene: utstyr, rom, klassestørrelse og tid tilgjengeleg til dette temaet.
Ikkje minst må ein vurdere elevgruppa: kan alle følge same opplegget, eller krevst det ekstratiltak for at alle skal få det med seg? Ein må og tenkja på korleis ein kan halda entusiasmen oppe både hos dei som jobbar raskt og dei som treng heile timen ( og vel så det ) for å bli ferdig.
Under heile planleggingsprosessen må ein ha i bakhovudet at aktiviteten i timen skal ha eit formål. Opplegget skal opplevast meiningsfullt for elevane, og når temaet er avslutta skal elevane sjølve kunna sjå at dei har lært noko og at dei får til å bruka den nye lærdomen.

Jaha, dette var mine tankar om kva ein bør leggja vekt på i planleggjingsprosessen, men får eg til å gjera det i praksis? Det er eit heilt anna spørsmål.

3 kommentarer:

Britt Kari sa...

Det var et flott innlegg og du har fått med mange viktige poeng! Jeg er helt enig med deg i at det personlige engasjementet er umistelig i forhold til å lære elevene noe som helst. Engasjement er også essensielt i forhold til den store oppgaven det er å tilrettelegge stoffet for så mange "ulike" elever med ulike forutsetninger for å lære. Jeg synes du er reflektert og har gode forutsetninger for å lykkes som lærer! Har du noen idèer om hvordan man kan få elevene til å føle at dette er det verdt å kunne, verdt å lære seg?

Steinar sa...

Jam du peikar på mange viktige moment som alle heng i saman.

Forstår eg deg rett i at du seier at du startar med måla når du no snart skal planleggje i økt i matematikk?

Sissel S.G. sa...

Korleis få elevane til å føla at dette er verdt å kunna? Eg trur det er viktig for ein lærar å få undervisa i fag han / ho sjølv synest er interessanne. Då vil gjerne respekten for faget påvirka undervisninga. Klarer me i tillegg å finna ein innfallsvinkel som apellerer til elevane vert kansje nyfikna deira tent? Er det noko me gjerne vil formidla til andre avdi det betyr mykje for oss sjølve legg me gjerne "sjela og skjorta" i førebuingane.

Ja,Steinar. Eg vil nok starta med måla i planleggjinga. Då vert det gjerne lettare å halda fokus på at aktivitetane skal ha eit formål og ikkje bare variera timen.