fredag 10. oktober 2008

Klasseleiing

Då eg ikkje har vore på skulen denne veka er det litt vanskeleg å gå igang å skriva blogginnlegg, men det er nå verdt å gjera eit forsøk likavel. Eg har som mål å bli ein dugande engelsklærar, og planen er å vitja England ein gong kvart år. Det syntes eg måtte passa fint å gjera i haustferien, som eg for seint oppdaga at me ikkje skulle ha. Siden turen allerei var betalt drog eg avgårde med friskt mot og vel heime att er eg kansje litt nærare målet...

"Ogden" var med på flyturen og grundig studert. Det eg beit meg mest merke i er kor sterkt han vektlegg skulestarten: "Det sosiale mønsteret utvikles fra første dag...","Den sosiale strukturen etableres samtidig med at regler og rutiner innarbeides", og videre: "Denne første tiden brukte effektive lærer til å sikre seg best mulig kontakt med, men også kontroll i, klassen."
Det tydeleg at den første tida kan bli avgjerande for korleis klassemiljøet utviklar seg.

Eg har ein gut og ei jente som byrja i kvar sin 8. klasse i år: ny skule, nye lærere og mange nye klassekamerater.Kontaktlæraren guten har fått er kjent for å ha klassar med veldig godt læringsmiljø, medan jenta går i ein klasse med "vanleg flinke og greie lærarar." Det er spennande å fylgja desse to parallelle klassane.Første veka i haust var veldig forskjellig i dei to klassane: Jenta sin klasse kom tidleg igang med vekeplan og lekser, og arbeidsrutinane vart godt etablerte.Ho trivest greit på skulen men det har ho forsåvidt alltid gjort. I guten sin klasse var det lite lekser først veka. I stedet brukte dei mykje tid på sosiale aktivitetar med vekt på å bli godt kjende med kvarandre. Han stortrivest i klassen og er veldig motivert for skulearbeid. Dette er ein gut som har vore møkklei alt som minnar om skule i fleire år og eg som mor har grua meg veldig til han skulle over på ungdomsskulen.Her har skjedd ei stor endring i hans oppleving av skulekvardagen!
Sjølv om læraren la stor vekt på det sosiale den første veka var ho og veldig tydeleg på kven som er leiaren i klassen. Dette gir trygghet: ungdomane treng ikkje kjempa om sjefsjobben - den er allereie besatt. Denne læraren er og veldig flink til å sjå kvar einskild, og elevane vert glad i henne. Ho appellerer til deira lojalitet.
To av mine eldre ungdomar har og hatt den same læraren , og dei minnest tre kjekkke år med henne.(Prøv berre ikkje å snakka nedsetjande om henne!)Ho er eit flott forbilde for ein fersk lærarstudent.

Etter å ha kikka på powerpoint-presentasjonane til Aashild denne veka ser eg at eg har gått glipp av mykje. Vart overraska av å lesa at norske elevar først og framst ser på skulen som ein sosial arena og er mindre interessert i faga. Men det stemmer vel med resultata fra diverse testar: norske elevar gjere det dårleg fagleg men scorar høgt på trivsel. Det er vel motsett av kva finske elevar gjere?
Akkutat dette veit eg for lite om til å meina mykje om, så dette temaet får liggja for denne gang.

Sikkert er det i vertfall at læraren enno spelar hovedrolla for miljøet i klassen. Ein god lærar må inneha særs mange gode kvalitetar. Forhåpentlegvis kan mykje lærast - også for oss vanlege dødelege.

3 kommentarer:

Magnar sa...

Hei:)

Du hadde ikkje vondt av Englands turen trur eg, for eg likte innlegget ditt.
Kjekt å se paralellene med de 2 klassene dine barn går i.
Eg stiller deg spørsmålet jeg fikk på mitt blogginnlegg denne veka. Hvordan vil du selv forholde deg til en klasse, for å skape best mulig klassemiljø?

Sissel S.G. sa...

Eg trur nok eg i starten vil leggja opp til aktivitetar der me, både lærara og elevar, vert godt kjende med kvarandre. Eg vil sjølvsagt og delta i desse aktivitetane, for då gjerne å komma elevane nær og danna gode relasjonar og felles opplevingar. Så er det viktig å sjå kvar einskild elev og prøva å komma innfor skalet: eg håpar å framstå som tillitsvekkande.

Eg vil og leggja vekt på kor viktig det er å respektera kvarandre,og bruka ein del tid på å samtala om det.Det er eit mål å skapa rom for den gode samtalen i klassen.

Når gode relasjonar og trygghet er etablert vil eg for alvor gå i gang med faglege utfordringar.Eg trur den tida som er brukt på å bli (godt) kjent vil tjena seg inn att mange gonger.

Steinar sa...

Flott at Ogden fekk vere med på turen, det likte han sikkert:-)

Du er også heldig som har denne sjansen til å samanlikne to ulike lærarar via borna og via teori!