søndag 23. november 2008

Språk i eit sosiokulturelt perspektiv

Språket er det viktigaste verktøyet me har. Språket gir identitet og via språket foregår det meste av sosial omgang. Då eg vaks opp budde det ei døv jente i nabolaget. Ho var nokre år yngre enn meg, så me var aldri på veninnenivå, men noko omgang hadde me. Eg såg at ho vart veldig isolert, sjølv om ho var flink til å lesa på leppene. Det vart stort sett berre korte overfladiske samtalar med henne, og då gjerne ved hjelp av penn og papir.Ho klarde ikkje å følga ein samtale når fleire var samla, og vart liksom berre sitjande der og smila.At ho i tillegg var veldig sjenert og lite utadvent gjorde det ikkje lettare for henne.Det var tydeleg at ho ikkje var ein del av det språklega fellesskapet i nærmiljøet,og det vart vanskeleg for alle partar. Det gjekk greit å "snakka" om vær og vind, men samtalen stranda som regel fort og lenge før ein kom inn tankar og følelsar. Ho gjekk på døveskule i Bergen og fann sin plass i det miljøet. Ho var stort sett berre heima i feriane og dermed utvikla me heller ikkje noko fellesspråk me eventuelt kunne byggja vidare på. Treffest me i dag vert det stort sett berre "Hei," og nokre korte overfladiske fraser.

Språket er og veldig viktig i ein læringssituasjon. Det hjelper mykje å setja ord på ting når ein skal forstå noko, og med samtale kan ein finna ut av kvar andre sine tankar. Då kan ein læra av kvarandre, og ein drar nytte av kvarandre sine erfaringar.I ein lærar - elev situasjon er det viktig med god kommunikasjon for å forstå kvarandre slik at god læring kan skje.
Me brukar språket heile tida, enten munnleg eller skrifleg. Det aller meste av lærdom og innformasjon me får er via språket. Det er ein så viktig og naturleg del av oss at me sjelden tenker over det. Først når ein kjem opp i situasjonar der ein har ønske om å kommunisera, men ikkje har noko felles språk ser ein kor vanskelg og slitsomt det vert.Alt levande, både dyr og menneske jobbar instinktivt for å få ta del i språket til familien, klanen og nasjonen. Kommunikasjon og sosialt samspel er eit av primærbehova til alt levande. Mor-barn samspelet vert det første språket barnet får erfare, og dette er utruleg viktig for barnet si seinare utvikling som sosialt vesen. Behovet for kommunikasjon er medfødt!

Både Vygotskij og Piaget legg stor vekt på språket sin plass i barnet sin intelektuelle utvikling, men dei er uenige om kva rekkefølge ting skjer i. Piaget meinar at utviklingen går fra det individuella til det sosiale: at barnet sin intelektuelle utvikling er ein sjølvstyrt prosess. Vygotskij derimot meiner utviklingen går fra det sosiale til det individuelle, og at barnet sin intelektuelle utvikling er sosialt betinga - at barnet er sosialt orientert fra starten av. Eg har vel allereie avslørt kven eg er mest enig med.

3 kommentarer:

Ravn sa...

Hei, no er eg ein smule fortvila... eg veit eg skreiv ein kommentar her tidleg ein morgonkvist, men, men...
Eg trur eg hugser kva eg skreiv. eg er heilt einig i at språket er svært viktig, og kanskje det viktigaste verktøyet vi har. Det eg lurer på er: Korleis jekk det med jenta, kordan har ho det i dag? Kva kunne ein ha gjort i nærmiljøet for å betra situasjonen hennar?

Sissel S.G. sa...

Dette er ein del år siden, og intregrering var ikkje så sjølvsagt som i dag. Familien valgte å la jenta byrje på skule i Bergen allereie som 7 åring, og dermed forsvann ho på ein måte ut av nærmiljøet. Ho har det bra i dag: venter barn nr 2 til våren, og trivest godt i miljøet som er etablert rundt døveskulen i Bergen.Men eg og har ofte lurt på korleis det hadde blitt om ho vart integrert i grunnskulen i nærmiljøet. Det største problemet, trur eg, var å få tak i kvalifisert personale som var dyktige i tegnspråk. Skal integreringa bli god må og kompetansen vera tilgjengeleg. På døveskulen fekk ho eit opplegg som fungerte, og ho gjekk ut av grunnskulen med veldig gode karakterer.Kan til slutt tilføya at søster til denne jenta er i dag utdanna døvetolk.

Steinar sa...

Hei!
Interessant eksempel du presenterer, det får tydeleg fram kor viktig språk og kommunikasjon er. Eit anna spørsmål som hektar seg på det første, er i kva grad trur du at den døve nabojenta og du opplever verda på samme måte??