onsdag 27. august 2008

Ein lærar eg minnest - på godt og vondt

Det var stor spenning første dag på ungdomsskulen.Alt var nytt for oss: bygningane, lærarane og mange nye medelevar. "Forgjengarane" våre hadde innformert oss eindel, og me var godt orienterte om kjedelege, farlege, snille eller kule lærarar.

Klassen vår var tildelt den tøffaste læraren: dyktig, smart og kjapp i replikken.Han styrte klassen med fast hånd, morsomme historiar og fagleg dugleik.

Me var på alle måtar ein krevande klasse som i løpet av barneskulen hadde slete ut (og meste knekt) mang ein stakkars vikar.På ungdomsskulen vart me tatt hånd om av "drømmelæraren " til alle foreldre, og me vart nokså omgjengelege.

Læraren vart aldri hissig men fekk på ein roleg og bestemt måte forklart kva han meinte.Dessuten var han veldig morsom.Vitsar og historiar sat laust og han var nokså røff til tider.Men alt var ikkje bare fryd og gamen:Han brukte mykje ironi og dette kunne gå ut over nokre av elevane.Spesielt elevar som var litt "trege" kunne blitt hengt ut.Me forstod vel ikkje heilt kva som foregjekk og syntes han var veldig morsom.Men ein gong gjekk han over streken: Me hadde hatt matteprøve og utdeling av resultatet stod for tur.Matte var læraren sitt favorittfag og han og han la ikkje skjul på at han var veldig stolt av dei flinkaste elevane.

Konkurranseinnstinktet i klassen var stort, og me ville gjerne at alle karakterane skulle lesast opp.Ei av jentene, Kristin,protesterte veldig.Det var ingen løyndom at ho sleit med skulearbeid generelt og matte spesielt.Ho sa klart i fra:"Eg vil ikkje at du skal lesa opp min karakter!"

"Neida",svara læraren."Eg skal ikkje røpa at Kristin fekk NG på prøven,"fortsatte han.

Klassen syntes han var kjempemorsom og lo godt.Men me la og merke til uttrykket til Kristin, og 13 år gamle forstod me noko læraren sjølv ikkje forstod: denne gang hadde han gått for langt!


Eg kan ikkje huska om han beklaga episoden etterpå, men eg håpar sjølvsagt det.I ettertid ser eg at denne læraren nok fekk klassen med seg med sin røffe stil, og stort sett likte me han veldig godt. Men tryggheten mangla, og det er vesentleg for kvisete, hormonbelasta tenåringar!

4 kommentarer:

Steinar sa...

Dette er eit interessant innlegg som viser korleis ein lærar må balansere varsamt, og at ein kan bli for kul. Korleis kan me unngå å trø over denne streken? Ein gong overtramp, er som di skildring viser, ein gong for mykje.

Sissel S.G. sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Sissel S.G. sa...

Korleis kan ein lærar unngå å trø over streken i sine forsøk på å vara tøff og kul? Først av alt må han/ho lesa "trø - varsamt - plakaten". Det handler først og fremst om å respektera elevane sine, og å sjå kvar einskild sine behov.Dessuten må ein huska at det er den vaksne som har ansvaret - og makta.

"Tillit er sky som ein hjort. Når man først har jaget den bort, varaer det lenge før den kommer tilbake."
Kurt Biedenkopf

Steinar sa...

Det var eit flott og talande sitat!