søndag 30. november 2008

Læringsstilar - med plass til alle

Denne veka har me, blant anna, lært om Bostrøm og hennar læringsstilar. Ho er oppteken av korleis forskjellige folk lærer: kva faktorar som er viktige og derav har ho utarbeida VAKT -prinsippet. Bostrøm meiner at der er fire hovudretningar innan læringsstilar:
Visuell, Auditiv, Kinestetisk og Taktil.
Ho meiner at dei fleste elevar lærer gjennom alle desse læringsstilane, men at det er nokre elevar som har ein læringsstil som er meir dominerande enn andre. Bostøm meiner at desse elevan må få undervisninga tilpassa den dominerande læringsstilen sin for å oppnå ein god læringssituasjon.

Elevar med ein dominerande visuell læringsstil likar å få ny kunnskap presentert skrifleg, likar å ta eigne notater, og les gjerne mykje. Tradisjonelt har denne læringsstilen vore mykje brukt i norsk skule.
Auditive elevar foretrekker munnlege framstellingar, gjerne forelesningar, og lærer mykje ved å delta i diskusjonar. I nyare tid, særskilt etter L 97, har ein også lagt stor vekt på denne arbeidsforma i skulen.
Elevar med ein Kinestetisk læringsstil treng å bruka heile kroppen for å oppleva god læring.Ekskursjonar vil ofte vera midt i blinken for desse elevane, som og er avhengige av at læringssettinga oppleves positiv for å kunna prestera. Elevar med ein dominerande kinetisk lærinsstil er oftast ikkje rasjonelle, men let seg styra av kjensler. Desse elevane har tradisjonelt hatt trange kår i den norske skulen, og vert gjerne oppfatta som krevande. LK06 gir heller ikkje mykje plass til kinestetisk dominerte elevar, då denne reforma vektlegg sterk teoretiske fag.
Taktil læringsstil kallar Bostrøm det om elevar som må bruka hendene aktivt når dei konsentrerer seg. Desse elevane har stort utbytte av aktiv deltaking i f.eks. prosjekt og rollespel, og om dei skal lesa noko bør stoffet vera actionfult.Taktile elevar vert gjerne oppfatta som eit uromoment då dei heile tida må "pitla" med noko.

Eg veit ikkje om det er gjort kartlegging for å finna ut styrkeforholdet mellom dei forskjellige læringsstilane: Korleis elevgruppa ville vorte delt prosentvis på dei einskilde læringsstilane. Det hadde vore veldig interessant å visst, då dette kunne hatt stor betydning på korleis undervisniniga burde vore organisert, og korleis elevgruppene kunne vorte delte på mest fordelaktig måte. Fram til no er det elevar med visuell og/eller auditiv læringsstil som har hatt best kår i skulen, medan det har vore vanskeleg å finna plass til elevar med kinestetisk eller taktil læringsstil. Det burde vera mogeleg å gi alle grupper like gode arbeidsvilkår, men det krev langt fleire ressursar inn i skulen enn det ein har i dag.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Ja, VAKT kan absolutt vere med å bevisstgjere omkring TPO. Trur du at du sjølv kjem til å fokusere på dei to siste bokstavane i di undervisning. Kva anna enn ekskursjonar kan vere aktuelt for dei kinestetiske elevane?

Sissel S.G. sa...

Det er mykje teori som kan gjerast praktisk:Mykje matamatikk kan lærast på kjøkkenet med matlaging, eller i sløyden. Natur og samfunnsfag kan flyttast ut i felten, rollespel og storyline kan og vera gode innfallsvinklar for kinestetiske elevar. Det er vel fantasien og resursane som set begrensingar for TPO for desse elevane.
Eg er framleis bestemt på at det er spesialpedagog eg vil bli, og då må eg absolutt fokusere på K og T i VAKT.