søndag 16. november 2008

Konstruktivisme

Denne veka har me snakka mykje om Piaget og hans mentale skjema og læringsmodeller. Piaget skiller mellom assimilasjon og akkomodasjon som handler om å tilpasse skjemaene i læringsprosessen.
Assimilasjon vil sei "å tilpasse verden til seg selv." Dette er ein prosess ein ofte ser hos små barn. Eit barn forklarer gjerne det det lærer ved å tilpasse ny kunnskap slik at den passer inn i det barnet kjenner fra før:"Det vert kveld fordi sola går og legg seg" - barnet legg seg når det er kveld, og for barnet er dette den kjente måten å avslutta dagen på: dermed vert det naturleg å tru at alt annet avslutter dagen på same måte.
Dersom ingen forklarer barnet korleis dette med solnedgang eigentleg heng saman vil det ikkje utvikle sin kunnskap på området. Men for at læring skal skje må barnet vera moden for det, elles vil det ikkje forstå noko og dermed ikkje vera i stand til å ta til seg ny viten, bearbeide den og utvikle sin kompetanse: akkomodasjon vil ikkje skje. Me kallar det akkomodasjon "når ein tilpasser seg sjølv til verden." Det vil sei at ein tar til seg ny læring,bearbeider den ved å revurdere eller utvide eksisterende skjema og kjem fram til nye svar ved hjelp av kunnskap ein har fra før. Kunnskapen vert utvida og ein får eit eigedomsforhold til den.

Veldig langt tilbake i historien trudde ein at jorda var flat, og den som prøvde å overbevisa folket om at jorda faktisk er rund vart gjerne brent på bålet. Det var få som var villige til å gå inn i ein akkomoderende læringsprosess, og dermed vart det så som så med utvikling av kunnskapsområdet.
Me skal vera glade for at nokre aldri gir opp i sin iver etter å undervise folket.

Når ein opplever ubalanse i forholdet mellom kjent kunnskap og ny viten, vert det skapt ein indre motivasjon til å gjera noko med saka, og ein vert villig til å gå inn i ein bearbeidande prosess for å finna ut korleis ein kan retta opp att ubalansen.
I følge Piaget er dette ein medfødt prosess som skjer automatisk. Me har tidlegare snakka om at motivasjon er heilt nødvendig for at læring kan skje, og at indre motavasjon er den mest effektive. Dette aktualiserer kor viktig det er med tilpassa undervisning, og at kvar einskild elev får utfordringar som er akkurat eit hakk over det nivået eleven ligg på. Dermed kjem me inn på "Kunnskapstrappa" til Bloom som er heilt i tråd med eit konstruktivistisk læringssyn.

I ein hektisk skulekvardag er det ikkje lett for læraren å sjå til at alle elevane får den tilpassa opplæringa dei har krav på, og dette er nok ein av grunnane til at mange synest det er kjedeleg på skulen. For nokre vert skulen for lite utfordrande medan andre synest det vert stilt for store krav. Dermed må ein ofte prøva å finna den gylne middelveg, som fort kan verta kjedeleg for enkelte. Det skal neimen ikkje vera enkelt!!

3 kommentarer:

Silje sa...

Det er ikkje ein lett jobb å måtte tilfredstille alle.
Eg syns at du med egne ord har gitt et ganske bra sammendrag av det vi har gjennomgått=)Piaget er ikkje lett å få tak på, så det hjelper å få høre teoriene bli lagt frem med egne vinklinger!
Til sist så la oss håpe at Steinar ikkje gjer opp sin iver etter å undervise os;)

Steinar sa...

Heilt korrekt at dette har med tilpassa opplæring å gjere!

Men kva med dei situasjonane der elevar ikkje opplever ubalanse i forhold til kunnskap, og me meiner at dei absolutt bør kjenne at det er det. Kva kan du gjere då?

Sissel S.G. sa...

Neimen om eg veit...Utfordra dei til dei ser at "her har eg visst meir å læra?" Då trur eg dette med motivasjon kjem inn, og det er eit studie i seg sjølv!