lørdag 18. oktober 2008

Behaviorisme eller ikkje?

Det er mange læringsteoriar ute og går, og mykje fornuftig i dei fleste av dei. Kven som er mest populær skiftar etter som tid og læreplanar skiftar: det vert gjerne ei motesak, og pendelen svingar jamnt og trutt...
Det ideelle hadde vore om alle elevane var motivert for sjølve læringa ut frå eiga interesse og drivkraft. Men me veit jo godt at slik er det ikkje. Elevane er ikkje ei homogen gruppe, men likevel skal dei pressast gjennom same forma - satt litt på spissen.

TPO, ja, men pensum og eksamenar er det samme for alle elevane i heile landet.Her er tatt lite hensyn til interesser og forutsetningar og valalternativa er svært avgrensa. Det er sagt mykje godt om Kl-06, men denne reforma utelukkar alle sjansar elevane tidlegare hadde til å velga ut fra interesser: no er språk einaste valfaga dei får. Slutt er det på båtførarprøven, mopedlappen,fotballskulen, skuleavisa eller yrkesutplassering elevane kunne ta tidlegare.
Skulen vert meir og meir teoretisk, og for elevar som er slitne og lei av heile greia er det få pusterom fra dei teoretiske faga i løpet av veka. Korleis i all verda kan ein forventa at elevar som trivest best med praktiske fag skal kunna motivera seg sjølv når 85% av timeplanen består av teori? Alle er ikkje interessert i å læra språk eller synest det er spennande å finna ut kor mange kakestykker kvar får om ein deler på 5. Mange treng å sjå håndfaste resultat av arbeidet sitt: ein fuglekasse,flotte gryteklutar, ein eigenprodusert radiostyrt motor el.l. Eller dei treng konkrete bevis for at denne lærdomen er viktig: kor mykje materiale må snekkaren eg jobbar hos bruka for å dekke den veggen me skal setja opp i dag? Dette vert det alt for lite av i dagens skule. Først når elevane er ferdig med 10 år i grunnskulen kan dei velga seg inn på praktiske liner, men også i yrkesskulen har "byar i Belgia" gjort sitt inntog etter KL06!

Korleis då motivera elevar som meste ikkje ser lyset i enden av tunellen? Det er her behaviorismen kjem inn. "Dersom eg les så og så mykje på prøven kan eg håpa å få ein femmar." Det vert motivasjonen for å gå laus på dei 30 sidene om den franske revolusjonen som prøven skal handla om.Hadde det ikkje vore snakk om kararkterar i andre enden trur eg ikkje mange hadde gidda å lese desse sidene. Det vert veldig snart snakk om å tilfredstilla andre sine krav og forventningar til det ein presterer, for veldig menge elevar slit med å sjå nytta av alt som skal lærast. Sjølvsagt varierer dette veldig fra elev til elev, men eg vågar å påstå at ingen elevar er lika interessert i alt i alle fag. Då må det gjerne ein ytre forsterking/ motivering til for å få arbeidet gjort, og så får ein håpa at eleven plukkar opp noko kunnskap undervegs i prosessen.

Om ikkje karakterane er nok i seg sjølv kan ein forsterka også dette "lokkemiddelet":
Eg veit om fleire foreldre som har sett prislapp på karakterane: kr 200,- for ein 6ar og hundrelappen for ein 5ar. Standpunktkarakterane vert gjerne lønna med høgare takst...
Behaviorisme? absolutt!

Eg trur at det ofte er foreldre og lærarar sine forventningar som driv elevane til å jobba. Innsikt i eige behov for å læra og å utvikla seg vert overskygga av krav om produksjon og resultat uansett kva ein synest om oppgåva. Sjølvsagt er det ikkje alltid slik: dei fleste elevar har gjerne eit eller fleire fag dei likar å jobba med og driv seg sjølv fram i arbeidet, men arbeidsiveren er nok svært varierande fra fag til fag. Slik trur eg det alltid vil vere. Tross alt er det lettast å læra noko du sjølv synest er interessant, medan uinteressann lærdom nærast må puttast inn med teskei. Siden alle må læra alt enten ein vil eller ei vert motivasjonen ofte deretter. Då vert det tross alt lettare å yta litt ekstra om snarleg løn er innan rekkevidde.

Behaviorisme som læringsteori i skulen er nok omstridt, men er det praktisk mogeleg, i dagens skulesystem , å utelukka den?

4 kommentarer:

Siri sa...

Hei :) Dette var tankevekkende. Jeg er enig i det du skriver om mye teori og fravær av praktiske fag. Nå skal det sies at det var slett ikke alle skoler som hadde så godt tilbud innenfor praktiske valgfag før heller, men det blir ikke bedre av at enda ferre får det.. Du har nok rett i at behaviorismen er omstridt, men den fungerer jo. Om det er praktisk mulig å unngå tør jeg ikke svare på, men er det nødvendig? Alle teorier har vel sine motstandere. Hver til sitt bruk, kanskje? Det virker som du har tenkt mye på dette, har du noe forslag til hvordan teorifagene kan gjøres mindre "teoretiske"?

Steinar sa...

Dette med teori i alle fag er ein svært så aktuell debatt.

Kunnskapsministeren var på TV her i veka og snakka om at det måtte bli mindre og meir relevant teori for elevar på yrkesfaglege linjer- det er eit STORT problem at 30-40 % av elevane ikkje fullfører!

Sissel S.G. sa...

Eg har vel eigentleg ikkje noko behov for å få behavioriske teoriar ut av skulen. Synest sjølv Skinner sin teori om straff og belønning fungerer aldeles utmerket - både på hunder, hester unger ( og ektemann med...).
Innlegget mitt vart vel denne gang prega av ein anna problematikk som eg er veldig opptatt av: all teorien som har så høg prioritet i forhold til praktisk estetiske fag, og kor urettvist dette vert for mange elevar.

Korleis teorifagene kan gjerast mindre teoretiske? Eg har veldig tru på dette med landskap, for å bli pensa inn på rett kanal. Ser for meg eit rom for engelskundervisning: Eg ville laga ei engelsk gate/torg med veggene malte som engelske mursteinshus, ein raud dobbeldekker i papp, engelske skilt/reklame, bord og stolar møblerte som ein utekafe (Starbuck`s)osv. Elevane skulle oppleva "å vara der" når dei kom inn i rommet.Og sjølvsagt skulle dei få høyra " We are now reaching Chearing Cross station. Mind the gap. Doors are closing" når dei kom inn i klasserommet. Dette forutset sjølvsagt at elevar og ikkje lærar skifta rom etter kva fag dei skal ha. Men på den måten trur eg det hadde vore lettare for lærarane å levandegjort/konkretisert undervisninga meir:lettare tilgang på rekvisitter og utstyr.Nytenking,ja, men i fleire andre land er det læraren som har fast rom og elevane som byter.

Britt Kari sa...

For en super idè Sissel! Jeg leste innlegget ditt med stor interesse, og ser klasserommet ditt for meg! Tenk for en opplevelse for elevene å komme inn i et slikt rom, de må da få en mye mer lystbetont holdning til faget om læreren gjør seg slik umak! Håper du får sette det ut i livet en gang! :) Flott innlegg! :)