søndag 9. november 2008

Kognoitive læringsmetodar

Det eg hugsar aller best fra pedtimane denne veka er at Steinar stod oppå eit bord og prøvde å fyka!Men det var sikkert ikkje det han håpa eg skulle hugsa best...
Elles synest eg temaet er veldig interessant, for eg er sjølv kjend blandt venner og familie for å vara distre og gløymsk: Eg kan gå igang med å lese lekse med friskt mot, men når eg blar om ei side oppdagar eg at eg har vore innom desse sidene før - med markør og kommentarer. Eg kan på ingen måte hugse at eg hadde lese det, men skrifta er mi...Gjett om eg gruar meg til eksamenslesing!
Eg har surra rundt på parkeringsplassen på Haukeland og fortvila leita etter bilen min, som var søkk borte. Etter ei stund oppdaga eg ein bil som var pynta med Brann-skjerf og vimplar på same vis som Vectraen til min sønn. Då først kom eg på at eg hadde lånt bilen hans denne dagen...
Min mann har ringt til meg medan eg har vore i Haugesund og minna meg på å fylla diesel på bilen før eg skulle kjøra heim. Ein halvtime seinare stod eg i Valevågen med dau bil: skålande tom for drivstoff. Eg hadde vore innom bensinstasjonen etter at eg snakka med han, men då kjøpte eg bare ein sjokolade...
"Skremande!" seier mor mi. "Spenning i kvardagen", seier eg. Men det kan bli nok spenning. Eg tar i mot alle gode råd for å sleppa slike episodar!
Elles må eg tilføya at kvardagen stort sett går greit.

Denne veka lærte me ein teknikk for å få teoretisk lærdom til å lagrast betre.Ei reise i kjent landskap fungerte fint og no vil eg prøva å plassera dei forskjellige undervisningsteoriane i forskjellige rom i huset mitt. Vygotsky, som er opptatt av språk og dialog, kan jo få plass på badet samen med Indianeren som sa Arg! Pavlov skal få bryna seg på Cannadagåsa på kjøkkenet. Så kan han prøva ut teorien om stimuli og respons på denne. Kansje han får den til å bjeffe når han ringer med ei bjelle? Dette kan bli festleg.

Elles trur eg det er viktig å bruka fleire sansar når ein skal læra noko, ikkje bare intellektet. Eg trur vegen til automatisering vert kortare om ein sjølv får prøva seg fram så konkret som mogeleg. Konsentrasjon og interresse er to svært viktige faktorar når noko skal lærast. Ein kan ikkje tvinga hjernen til å arbeida når den ikkje vil, eller er sliten. Dette trur eg er veldig viktig for lærarar å ha i mente. I løpet av ein skuledag må elevane konsentrera seg mykje, og siden pensum stiller like krav til alle, må elevane konsentrera seg om, og tvinga seg til å læra, mykje dei gjerne ikkje er det spor interessert i. Då vert det av og til slitsomt å vara elev, og ønska lærdom går tregt. Dette stiller store krav til læraren, som gjerne skulle vore tusenkunstnar.
Kvardagen for ungar flest i dag er prega av alt for lite fysisk aktivitet og for lite varierte sanseinntrykk. Dei tilbringer store delar av dagen sitjande på ein stol med hjernen på høgt aktivitetsnivå. Skulen er blitt veldig teoretisk , og det igjen krev at elevane forheld seg fysisk rolege. Vel heime att vert mange sitjande framfor ein skjerm: TV eller PC. Dei vert skjeldent skikkeleg fysisk slitne, uro i kroppen hopar seg opp og konsentrasjonen vert deretter. Ungane vert slitne på feil måte, og må stengja inne mykje energi dei ikkje får brukt på fornuftig vis. Når ein ikkje konsentrerer seg om det ein lærer klarer ikkje hukommelsen å lagra lærdommen og ein må læra det same fleire gonger. Manglande automasjon går ut over kapasiteten i arbeidsminnet, og det vert enda tyngre å hugsa det ein lærer. Etter mi meining burde kvar skuledag starta med ein time utendørsaktivitet: gjerne ein god spasertur.

Dette var jo eit godt råd. Det skal eg jammen ta i bruk sjølv og: Heretter vert det mindre lesing og meir tur på meg!!Kansje eg då hugsar å kjøpa diesel i staden for sjokoladen neste gang...

4 kommentarer:

Anja S sa...

Jeg synes du har gjort en god jobb denne uka, og at du strengt tatt har fått med deg mye viktig. Så det er ikke sikkert at du ligger så dårlig an som du selv tror :)

Steinar sa...

Hei!

Godt poeng du kjem med her, hjernen er på mange måtar ein muskel som både kan trenast, men som også treng kvile. Det med pausar og frisk luft er viktig metakognitiv kunnskap å ha i mente, og deretter faktisk gjere noko med det. Som du skriv, kan det vere nok med ein liten tur kvar dag!

Så eit konkret spørsmål med pedagogiske følgjer: Kvifor hugsar du så godt "fykeeksperimentet" mitt, og kva kan du "lære" av det?

Sissel S.G. sa...

Steinar:"Fykeeksperimentet ditt hugsar eg sikkert godt p.gr.av overaskelsesmomentet!Det var totalt uventa, noko heilt anna en me plar gjera, veldig visuelt og veldig morsomt.Poenget ditt vart godt illustrert.
Kva kan eg læra av det? At utradisjonelle undervisningsmetodar vera svært virkningsfulle, dersom det ikkje vert brukt for ofta.

Steinar sa...

Bra!