søndag 15. mars 2009

Homo Ludens

Homo Ludens vert definert som det leikande mennesket.
Omgrepet vart sist aktualisert i Norge då filosofen Arne Næss (27.01.1912-12.01.2009)
forkynte at "menneska burde leika meir og ta seg sjølv mindre høgtideleg."
Sjølv var han det ein kan kalla eit leikande menneske. Det såg me tydeleg i filmsnutten om Arne Næss og hans forhold til tøygrisen Timotei, som han tok med seg overalt og hadde rolleleik med. Arne Næss var ein av dei store filosofane i den moderne tid, og han vert regna som "dypøkologiens far" og grunnleggar. Han avla magistergrad i filosofi i 1933, som den yngste nokonsinne.Då var han berre 21 år!Og 27 år gamal vart han ansatt som professor ved Universitetet i Oslo.Han har gitt ut 24 verker, og den siste boka gav han ut 95 år gamal.
Høg utdanning til tross, han likte å leika og dermed å overraska folk. På spørsmål om kva han ønska å verta hugsa for svara han: "Professoren som sa forferdelig mye dumt til studentene sine."(Aftenposte i anl. Arne Næss sin 95 års-dag).Med djup alvorleg mina kunne han sei at mannen han foreleste om , var kjent for sitt flott hår! På Blindern var det lika naturleg at han deltok i ein snøballkamp, som at han holdt filosofi-forelesingar. Dessuten var han ein ivrig skyggeboksar - overalt og i meste alle samanhengar.




Arne Næss hadde fleire gode "leikekamerater": Kona hans i over tretti år, Kit Fait, var gjerne med i leiken. Det same var forfatteren Jens Bjørneboe. Ein Blindernhistorie handlar om eit avtalt spel for å sjå publikum sine reaksjonar:Bjørneboe gjekk på Holmenkollbanen på Valkyrie plass stasjon, medan Næss kom på same vogna på Majorstuen og uttalte høgt straks han kom inn:"Huff her er det varmt. Jeg er tørst, er det noen som har har et glass vann?" "Ja", svara Bjørneboe og drog opp eit glass med vann fra innerlomma,"du kan få det i byte med en skiftesnøkkel". Næss drog då opp ein skiftesnøkkel fra si lomma og gav til Bjørneboe. Dei takka kvarandre , lot som om dei ikkje kjende kvarandre, sette seg langt frå kvarandre og gjekk av på kvar sin stasjon...

Så langt om Arne næss. Men kva er det med dette leikande menneske? Lars Verket har holde eit foredrag (i Lund kirke -05) om nedt dette fenomenet. Han har held fram fira kjenneteikn på det leikande menneske:

*Undrande, søkjande og åpen:
Det leikande menneske undrar på kvifor ting er som dei er og tar det ikkje automatisk som ei sanning det som fleirtaet meinar.

*Sansande, følande og heilskapsøkjande:
Gjennom leiken tar me heile mennesket i bruk og vert medveten alle sider:Både kropp
og ånd. Samfunnet i dag er mest opptatt av kva hovudet duger til.

*Fysisk aktiv, søkjer mestring:
Leik forutset ofte fysisk aktivitet og meistring av rørsler.Utviklande for
sansemotorikken

*Sårbar
Gjennom leik vert ein kjent med sin eigen sårbarheit, og dermed vert ein rusta i
møte med utfordringar som livet gir.

Vidare meiner Lars Verket at det leikande mennesket gler seg over små ting i livet , og trår gjerne utfor allfarveg: setter eigne spor. Han seier og at leiken gir oss ein rusning til å gå gjennom livet , og at uten leiken vert menneske ekstra sårbart.

Kva så med leik i skulen?
Toril Hansen,HSH,har skrive ein fagartikkel om leik og læring.Ho har tatt med mange viktige moment til forsvar for leik i skulen og korleis leiken kan brukast, med varierande grad av vaksenstyring, for å fremma læring.
Ho har blandt anna eit punkt ho kallar " leken velsignelser" som eg vil gjengi:

*Trener evnen til å opprettholde kontakt med andre over tid
*Utvikler selvstendighet, kreativitet og fleksibilitet
*Evne til å ta en annen rolle og se en sak fra en annens perspektiv
*Evne til samarbeid, å ta hensyn og å vise omsorg
*Lære positive normer for samspill
*Er utviklende for det muntlige språk (basisferdihet i LK06)
*Opparbeider kommunikasjon på flere plan (basisferdighet i LK06)
*Prøve ut egne erfaringer og opplevelser og slik forsterke egne kunnskaper
*Barne er modigere i lek fordi lek er lavrisikoarena - mulighetene dette gir for
faglig utvikling i ulike fag
*Leken gir mulighet til å trene på roller som tilhører voksenverdenen

Vidare påpeikar Toril at i L97 hadde leik ein sentral plass medan LK06 legg stor vekt på metodefridom uten å omtala leik. Ho legg til at økt trykk på formelle kunskaper kan bidra til ein oppfatning om at leik skal ut av skulen.Samstundes viser ho til fleire undersøkjingar som tydeleggjer kor viktig leik er for at barnet skal utvikle heile sanseregisteret sitt. Forskjellige former for leik er typisk og viktig for barn heilt opp i 15 årsalderen.
Toril trekker og fram undersøkingar som viser at vilter leik er svært viktig,ofte foretrukke av barn men mest forkasta av voksne. Det vert kalla kaosangst og viser til pedagogane si redsle for å miste kontrollen.Men det viser seg at den kroppslige, robuste leiken er viktig for å trena sansemotorikken. Kroppen er vår primære forståelsesinnstans, og all erfaring og kunnskap setter seg i kroppen som kroppsskjemaer: Kroppen husker.(Toril Hansen, etter Merleau-Ponty 1994)

I klassen vart det fortalt om ein skule som hadde ein plen der det var lov å herja og leikesloss. Dersom ein gjekk inn på dette området signaliserte ein lyst til å vera med på voldsom leik og eit lite basketak. Utfor dette området var slik leik ikkje lov. Eg synst dette høyres ut som ein god ide.Då lagar ein rom for slik leik innanfor tydelege og trygge rammer. Då går eg sjølvsagt ut frå at lærarane hadde eit visst oppsyn med korleis ting utarta seg på dette området.

Ikkje minst er leik barrierebrytande. Då har eg lyst til å fortelja om min mann, Ivar: Han ser ut som julanissen og kan til tider oppføra seg utruleg barnsleg (stort sett poitivt).Resultatet er at han vert favorittonkelen til alle ungar i slekt og vennekrins. Han rett og slett stortrivest med å herja med ungane, og ungane ser godt at dette er ekte leik frå hans side. Denne herjinga forset dei gjerne med til ungen vert kul fjortis, og må ta hensyn til image og status....
Forleden var me i åttiårsdag hos naboen. Der var mykje folk og deriblandt ei lita jente på to år. Ho syntes dette var alt for skummelt og ville ikkje inn i stova. Ho ville enten henga rundt foten til oldemor (som var vertinne i selskapet)eller sitja ute i gangen. Sjølvsagt kunne ikkje Ivar dy seg: han berre måtte prøva å få kontakt med henne: Han byrja å herme etter alt ho gjorde, og dette syntes ho etter kvart vart utruleg løye.Til slutt forlot ho beinet til oldemor og ville ha Ivar med ut på gangen. Der vart det hopping og rulling til høg latter og Ivar fungerte som hest, tunell,klatretre og karusell m.m. Då han til slutt foreslo at dei skulle gå inn i stova til dei andre og smaka på kakene vart ho gjerne med. Og sjølv om ho framleis var skeptisk til at stova til oldebessen var full av framande gjekk det greit å vara der. Ho berre kikka bort på Ivar når ho vart lei, og så hadde dei nokre rare blikk og mimeleikar på gang - som me andre skjøna lite av.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Utruleg interessant innlegg Sissel! Kjempekjekt å lese frå topp til botn. Men må berre spesielt nemne det du skriv om filosofien og leiken, og det undrande, søkjande og opne mennesket. Eg trur at dette er kjernen til leikande aktivitet, og at idet barna sosialiseres inn i vaksenverdenen, lærer me dei å ha dei same oppfatningane me sjølve har. Me tek ifrå dei undringa, idet me seier til ettåringen (som peiker begeistra, for ørtende gong); "jada det er ein pus ja...Berre ein pus. Gjesp..." Det er umedviten handling frå vår side men akk, så synd. Tenk så fantastiske filosofer dei små er, og for en flott fantasi dei har! Tenk om vi kunne utvikle denne evna positivt, istaden for å plukka det av dei, litt etter litt?

Sissel S.G. sa...

Hei; Kristin. Tusen takk for ein triveleg kommentar. Eg er heilt samd med deg: me tar ifra ungane noko undervegs. Det ser eg veldig tydeleg no som mine egne ungar er store: dei yngste er blitt kule fjortisar. Eg saknar undringa og begeistringa ungane viste når dei var små. Dei la merke til alt mogeleg, som elles hadde gått meg hus forbi om ikkje eit lite menneske hadde dratt i meg og ropt "sjå!" når f.eks. ei larve kraup over vegen. For så å setja seg på huk og verkeleg nyta synet av denne merkelege skapninga som bukta seg bortover.
No må helst ein velvaksen hoggorm kryssa vegen før eg gir meg tid til å stansa opp. Små barn er så midt i livet - med kropp og sjel!
Etter kvart som me vert eldre tar me på oss ei tilskuarrolle, der me betraktar og vurderer det mesta fra sidelinja.Ingen tvil om at me går glipp av små og store opplevingar på det viset.

Silje Anita sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Silje Anita sa...

Hei Sissel:)

Synes du har skrevet et innholsrikt og kreativt blogginnlegg. Variasjon med litt fakta og praktiske eksempler får meg til å synes dette er kjekt å lese.

Jeg er enig me deg om at "lekeplen" er en god idè. Her kan elevene som vil herje og lekesloss gjøre det. Så kan heller de som ikke er interessert trekke seg bort fra denne plenen.

Jeg må jo bare si at det hørres ut som du har en kjempekoselig barnevennlig mann:) Herlig å lese om hvordan han tok opp kontakten med denne lille jenta.

Kjekt at du har dratt inn personer som Arne Næss og Jens Bjørneboe. Godt eksempel du har med her fra toget. Hadde vært interessant å vært "flue" på veggen da, å sett hvordan folk reagerte.. :)

Sissel S.G. sa...

Tusen takk for hyggeleg komentar, Silje Anita. joda, eg har ein koseleg, barnevenleg mann: av og til brukar eg å sei at eg har sju barn - den eldste er eg gift med...

Steinar sa...

Dette er eit spennande innlegg med fokus på Arne og Ivar! Begge desse har kan absolutt vere rollemodellar for svært mange, altfor seriøse lærarar!

Spørsmålet er då korleis du ser for deg at me kan klare å påverke i ei slik lei?

Sissel S.G. sa...

Hei, Steinar. Korleis påverke mot meir leik og humor? Det er eg litt usikker på. Eg trur at folk som har god sjølvkjensle og er trygg på seg sjølv har lettare for å sleppa seg litt laus enn andre. Ein er ikkje så opptatt av kva andre måtte meine, og bryr seg lite om folk ler litt. Ein vert og mindre opptatt av å fylla ei fastlagt rolla, men lar heller rolla verta til undervegs.Eg trur at om ein klarer å leve etter ein slik filosofi, får ein eit rikare og mindre stressande liv enn når ein må bruka krefter på å etterleva andre sine forventningar heile tida.Sjølvsagt ligg det ein fare i å gå for langt: ein kan verte for sær! Men stort sett trur eg dei fleste av oss ville hatt godt av å le litt meir av oss sjølve, og ikkje ta alt så alvorleg heile tida.Ein må gjerne stoppa opp litt og tenkja over kva som verkeleg betyr noko her i livet. Då er det ikkje sikkert at tanken på kva andre måtte meine vert så viktig likavel. Det må vera rom og plass for både alvor og skjemt, arbeid og leik.