onsdag 29. april 2009

Skulen som sosialiseringsarena

Skulen i dag har mange viktige har mange viktige funksjonar. Først og framst skal den vera ein stad der barn og unge kan tileigna seg kunnskap og utvikla sine evner. Dessuten har skulen og som oppgåve å utvikle gagnlege og samfunnsnyttige medborgarar som kan bidra til at hjula i samfunnsmaskineriet går rundt.
I tillegg har skulen i dag og ein viktig funksjon som sosial arena, og dette gir skulen ein sosial oppdragarfunksjon:LK06 slår fast at "skulen skal stimulera elevane i deira personlege utvikling og identitet, i det å utvikla etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforsåelse og demokratisk deltaking."

Går me eit par generasjonar attende var det bruk for ungane som arbeidskraft heime. Det var viktig at dei skjøtte sine oppgåver for at gardsdrifta og husholdninga skulle fungera. I dag er det ikkje bruk for ungdomane på same viset. Me treng ikkje lenger hogga ved for å få varme, og mat og klede kjøper me på butikken. Dei fleste vaksne har sin arbeidsplass borte frå heimen, dei minste ungane er i barnehagen og fra 6 års alderen vert skulen den viktigaste arenaen for ungane.Mange vaksne identifiserer seg med jobben og arbeidsplassen sin, og slik er det nok med ungane og. Ein stor del av dagen tilbringer dei på skulen, og det sosiale livet dei lever der vert veldig viktig. Dermed vil ungane verta veldig prega av det dei opplever på skulen - på godt og vondt. På skulen treff dei mange,eller kansje alle, i området som er på same alder. I byane og store tettstader er gjerne ungane spreidd på fleire skular, medan det på mindre stader er ein skule for alle ungane i området. Dermed vert skulen staden der ein treff absolutt alle jamnaldringar der ein bur. Dette viser kor viktig skulen er som sosial arena.



Eg har ein gut og ei jenta som går på Bremnes ungdomsskule. Der går det i underkant av 300 elevar frå til saman fem barneskular. Begge barna mine har fått seg fleire nye vener på BUS. Desse venene bur opptil to mil frå oss, så det vert ikkje så mykje dei er saman etter skuletid. Dermed må venskapet først og framst pleiast i løpet av skuledagen. Dette viser godt i feriane som vert ei todelt oppleving: Dei nyt å ha fri frå lekser og undervisning men synest likavel det er greit å starta opp att etter ferien for å treffa vener.
Dette gjenspeilar og resultata frå diverse internasjonale testar: norske elevar scorar bare middels på kunnskapstestane, men til gjengjeld scorar dei svært høgt på trivsel.i den norske skulen i dag vert det jobba mykje med holdningsskapande arbeid og med vekt på trivsel for alle.Dette er og heilt i tråd med Kunnskapsløftet sine intuisjonar om å utdanna ungdommar med sosial og demokratisk kompetanse.Det hjelper ikkje om ein person er kjempeflink fagleg, om han/ho ikkje fungerer på sosale plan. Då er det vanskeleg å bruka denne personen i arbeidslivet - toppkarakterar til tross.

Det sosiale livet på skulen er mykje meir samansett enn bare det å vera saman. Elevane pregar kvarandre og gjennom samspel lærer dei korleis ein oppfører seg saman med andre. Det går i mange uskrevne lovar og reglar, og dei varierer frå skule til skule. Dette kan gå rektig bra - eller frykteleg galt. Her kjem læraren si rolle som rettleiar inn. Barn er først og fremst svært sjølvopptekne, og tar standpunkt ut i frå kva som gagnar dei sjølv best. Derfor vert det viktig å trena elevane i samarbeid, respekt og empati. Dei må læra å venta på tur og akseptera at alle har krav på å verta høyrt. Dei må få øva seg i å finna løysingar som alle kan leva med på eventuelle problem. På denne måten lærer elevane og demokrati. Det nyttar ikkje at kvar elev skal vera ein liten konge når klassane kansje består av opptil 30 forskjellige individ. Ein må læra seg å ta hensyn og tenkja på kva som er best for fellesskapet.

Læraren har ei svært viktig rolle i sosialiseringa av elevane. Læraren vert i kraft av si stilling ein rollemodell for elevane, og påveknadskrafta kan vera stor. Samfunnet i dag vert gjennomsyra av egoistiske og nedbrytande haldningar via massemedia - særskilt gjennom alle dei demoraliserande realityseriane på TV som ungane vert så opptadde av. Då har skulen , med læraren i spissen, ei viktig rolle som motvekt til denne kulturen. Skulen vert den instansen som har best høve til å visa elevane god kultur via musikk, tekst og bilete og formidla kunnskap om dette. Det er viktigare enn nokon sinne å legga vekt på gode verdiar, og formidla vidare til neste generasjon den rikdomen me har av tradisjonar og kulturskattar. Som tidlegare sagt tilbringer elevane mange timar på skulen, og i desse timane er det ein stor grad lærarane som har regien. Då er det viktig å nytta høvet til å prega elevane positivt.
Til det krevst det ein lærar som er tydeleg i si rolle som klasseleiar. Dersom læraren ikkje tar føringa, vil klassen (gjerne umedvete) velga ein eller fleire leiarar i eigne rekker - og det går sjeldan bra. Det er ikkje barn som skal oppdra barn: Barn treng tydelege vaksne til å rettleia seg!

Ein lærar vil som regel alltid vera ein signifakant annan for elevane sine, og dei er opptekne av tilbakemeldingane dei får fra læraren. Mange elevar jobbar iherdig gjennom skuledagen for å sikra at læraren ser og høyrer dei. Spesielt einskilde gutar kan laga mykje styr for å sikra at lærar og medelevar får med seg at "her er eg!" Dette kan av og til verte eit problem i klassen. Det vert gjerne den som bråkar mest som får mest merksemd, og så legg ingen merke til "vesle Lise" som sit stille på plassen sin, gjer det læraren ber om og har nedt lika stort ønske om merksemd som "bråkete Lars."
Klasserommet er som eit regissert teater vert det sagt. Det er mange forskjellige roller som skal fyllast, og mange går heilt og fullt inn for si rolle. Så ofte vil "bråkete Lars" og "vesle Lise" halde fram gjennom mange skuleår i dei rollene dei har funne. Vil dette prega sosialiseringa til elevane og vil dei dra rollene med seg seinare i livet? Sikkert er det at ein gjerne kan sjå potensielle framtidige leiarar, politikarar, småsjefar og dei som helst følger ordrer allereie blandt småskuleelevane.Heldigvis vert det ikkje alltid slik. Mange snur kansje heilt på flisa og endar opp som noko heilt anna enn ein hadde førestelt seg når ein gjekk på skulen i lag.

Sjølv har eg opplevd begge deler. Ei veldig god veninne av meg gjennom både grunnskule og vidaregåande var stort sett veldig pysete når det kom til fysiske utfordringar. Absolutt ingen hadde førestelt seg at ho skulle utdanna seg i televerket med arbeidsplass i høge master!!Men Hilde stortrivdes i jobben som telemontør.
Samstundes gjekk eg i klasse med ein klar leiartype med sjølvtillit i tjukke lag. Kjempeflink i alle skulefag var han og ( kor urettvist kan det ikkje vera av og til)Alle rekna igrunnen med at han ville enda opp i ein sjefsstol ein gong, og det gjorde han: i den største bedrifta på Bømlo! Den dagen eg opna avisa og såg eit tosidig oppslag om Arne (som meste drukna meg i vannpolo i gymmen) smilande som ny sjef for Wärtsila fann eg ut at det var på tide Sissel og fekk seg nokre eksamenar: dermed vart det lærarskulen på HSH.

Så eg opplever at eg er tilbake der eg starta: på skulen midt i ein sosialiseringsprosess. Det er nokre år sidan sist, og ein god porsjon livserfaring rikare har gjort meg meir reflekterande. Eg har ikkje lenger eit behov for å følgja etter ein flokk, og eg opplever at eg er langt meir fleksibel no enn då eg var skulejente for x - antal år sidan: Det er ikkje alt som er så nøye lenger: Det meste ordnar seg som regel til slutt likevel, men kansje på andre måtar enn eg først hadde tenkt. Ein del år med ansvar for mange barn og ungdomar,eit fjøs fullt av dyr, ein heim og eit ekteskap som skal fungera har lært meg mykje: Eg er trygg på kven eg er, kva eg kan og kva eg står for. Denne tryggleiken sakna eg då eg var i skulesituasjon som ungjente og eg opplevde då å vera mykje meir sårbar enn eg er no. Skal eg væra ærleg ville eg ikkje hatt åra på ungdomskulen i reprise. Det var tøffe år med evig jakt på "kven eg var, kva eg ville og anerkjenning fra dei andre" Dette prøver eg å ha i bakhovudet i møte med barn og ungdomar: Dei kan gjera mykje rart, men så har dei det neimen ikkje alltid like lett heller. Dette må me som lærarar ikkje gløyma i ein hektisk skulekvardag.

Ingen kommentarer: