torsdag 26. februar 2009

Planlegging - alfa og omega?

Denne veka har me hatt om undervisningsplanlegging, og me er vel alle enige om at planlegging stort sett er eit gode. Men det er etter kvart blitt mange planar som skal leggjast: Årsplanar, fagplanar, vekeplanar, lekseplanar,undervisningsplanar og gjerne individuelle opplæringsplanar om ein har elevar som har vedtak på ekstra midlar. I tillegg skal ein gjennomføra og dokumentera elev- og foreldresamtalar: mimimum to stykker pr elev kvart semester. Det vert mykje papirarbeid av slikt.

Likevel er grundig planlegging er eit gode:
Årsplanane gir oversikt og fordrar framdrift i faget. Ein ser kor mykje tid ein har til rådvelde på kvart emne i dei einskilde faga. Når årsplanen skal planleggast er det viktig å setja seg inn i kva læreplanen seier og kva som er kompetansemåla i dei einskilde faga.
Når ein legg fagplanane er det viktig å sortere ut kva emne ein meiner er viktigast og fordele arbeidstid etter storleik på emnene. Samstundes tar ein omsyn til årstidene slik at emnene vert sett i ein samenheng der dette er naturleg. Vekeplanane er viktige for å gi lærarar, elevar og foreldre innformasjon om arbeid som skal gjerast og kva som elles skal skje på skulen i løpet av veka. Vekeplanen vert ofte det viktigaste bindeleddet og informasjonskanalen fra skulen til heimen.Undervisningsplanen er eit hjelpemiddel for læraren: ei godt førebudd økt der læraren i forkant har tenkt gjennom det meste av praktiske detaljer og eventulle uforutsette hendingar vert ofte ei god økt for alle partar. God planlegging gir læraren ein plattform å støtta seg til og han/ho kan konsentrera seg om elevane og undervisninga avdi praktiske detaljer er klargjort på førehand.Ein får anledning til å foreta didaktiske refleksjonar og vurdera om "vegen fører fram til målet."

Men god planlegging til tross: ting kan likavel skjæra seg undervegs slik at ingenting går etter planen. Då spørs det om læraren er styrt av planen eller om planen er styrt av læraren! Det er viktig med god planlegging, men der må og samstundes vera rom for fleksibilitet slik at ein ikkje misser fatninga (og kontrollen) når uforutsette ting oppstår og ein må imrovisera resten av økta. Ferske lærarar med liten erfaring kan fort oppleve seg sjølv som planstyrt, medan veksande erfaringen gir rom for slappare tøylar. Nokre av dei som er skikkeleg gamle i gamet ser meste ikkje ut til å planlegga timane i det heile, men har opplegget klart i bakovudet. Dei har gjerne lang erfaring med kva som fungerer og ser ingen grunn til å bruka "unødig" tid på papirarbeid. Feire av oss har vel kansje opplevd å bli presentert for undervisningsopplegg som ikkje vart laga det siste tiåret...

Så kjem kansje den dagen då ein må ha vikar. Heldige den som kan komma til oversiktlege planar med klare mål. Det vert adskillig vanskelegare for vikaren å overta etter ein gammal "ringrev" som har flote på gammal vane og årelang erfaring.

Når alt skal planleggjast grundig i god tid på førehand, vert det då mogeleg å innvolvera elevane i planlegginga? Då er me attende til punktet om fleksibilitet.Det bør vera mogeleg å ta med elevane sine ønsker undervegs. Med det meiner eg ikke at elevane skal få bestemma over planane, men dei bør av og til få uttalerett. Dette kan gjerne gjerast ved planlegging av eit tema eller prosjekt. Kansje elevane kan presenterast for forskjellige alternativ og så få velje ut det det dei llikar best? Får dei vere med å bestemme vert det gjerne lettare å motivere dei avdi dei får eit eigedomsforhold til arbeidet. Dette har sjølvsagt mykje med modning å gjere, men læraren bør klare å finne gode måtar å styre prosessen på slik at det elevane foreslår vert gjennomførbart og lærerikt. At læraren gir alternativ dei kan velje mellom er ein god måte: elevane har fått valt sjølv samstundes som læraren har sikra at dei likevel følger årsplanen. Ein fleksibel plan gir rom for slikt.

Avslutningsvis vil eg ta med nokre døme på undervisning med og utan grundig planlegging. Me er ein ivrig korpsfamilie og har vore engasjerte i det lokale skulekorpset i mange år. Eit par år var faktisk alle seks ungane våre med i korpset samstundes, så me har etter kvart fått ein viktig posisjon der. Å ta vår del av arbeidet i styret vert sjølvsagt, og eg har god oversikt over kva som skjer i dette laget. Ei av oppgåvene til styret er å setja opp halvårsplan saman med dirigenten, og så vert det hans oppgåve å klargjera korpset til dei einskilde konsertane/konkurransane.
I fleire år hadde me ein dirigent som la stor vekt på planlegging. Han hadde alltid klare mål å jobba mot, og hadde og stort sett klare meiningar om korleis han skulle få musikantane med seg undervegs. Han var alltid godt førebudd til timane, visste nøyaktig kva som skulle øvast på og kor lenge, han kjende musikkstykka godt og delte ut notar etter nivå og modning på den einskilde musikkant.Han stilte krav til seg sjølv og han stilte krav til musikkantane.Av og til klaga ungane over krava hans, men det ordna seg som regel alltid. Han forventa gode resultat, og han fekk det.På øvingane var det aldri tvil om kven som var sjefen, og han hadde eit auge med alt og alle. Når korpset skulle avgarde på speleoppdrag fekk alle utdelt detaljert oversikt over kva som skulle med av utstyr. Sjølv om han av og til kunne opplevast som sjefete, var det ikkje vanskeleg for oss i styret å samarbeida med han. Store planar til tross: dei kunne gjerne endrast - om det var gode grunnar for det.



Men så fann han ut at det var på tide å skifta jobb, og korpset fekk ny dirigent. No vart musikkantane møtt av ein dirigent som ikkje heilt ser nytten av planlegging og førebuing. Han opplever seg sjølv som erfaren nok til å ta ting på sparket, og det ber timane hans sørgeleg preg av. Ungane sjølv opplever timane hans som "det mest useriøsa me har vore med på"! Halvårsplan har me framleis, men dirigenten har problem med å organisera øvingane slik at ungane vert klare til speleoppdraga.Mykje tid går med til eksperimentering undervegs, og ungane vert meir og meir frustrerte. Alt verkar så tilfeldig,og ungane synest ikkje dei lærer noko lenger. Når dei eldste ungdomane prøver å påpeika at no er det på tide å øva til komande konkurranse, vert han fornærma. Når konkurransedagen nærmar seg og korpset er langt fra klar skuldar han det på manglande innsats frå ungane.Gjett om musikkantane saknar den gamle "sjefen" som dei påstod aldri vart nøgd. Dei saknar strukturen over øvingane og dei saknar tryggleiken han gav dei: Dei visste at han hadde full kontroll på det meste. Dirigenten dei har no har ikkje kontroll på noko - ikkje eingong sine eigne notar.

Eg treng vel knapt tilføya at motivasjon vert det vanskeleg med, og dei fleste av musikkantane har byrja å sjå seg om etter ein ny hobby. Det kan dei og gjera siden dei er med på ein frivillig aktivitet. Det vert mykje verre i ein skulesituasjon når elevane ikkje føler at undervisninga held mål.Då må dei delta uansett kor lite matnyttig dei opplever at det er. Det understrekar kor stort ansvar me som lærarar har ovanfor elevane våre.

3 kommentarer:

Siri sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Siri sa...

Hei Sissel Bloggen din er relatert til livet slik det er, og det gjør den interesant å lese. I tillegg er jeg enig i mye av det du skriver :) Jeg har måttet vikariere i begge typer av timer, både godt planlagte og "du finner vel på noe". Jeg liker begge deler, man lærer utrolig mye av improvisasjon. Likevel er jeg jo enig i at god planlegging er en fordel.Som du sier gir det bedre tid til elevene. Fleksibiliteten har du også nevnt som en viktig faktor, det er bra!
Jeg klarer ikke å definere et fornuftig ønske for videre blogg, desverre..(Men kan noen ta å riste han ustrukturerte dirigenten?)

Steinar sa...

Hei!

Dette er interessant og godt innlegg. Første delen din gir eit godt overblikk over planlegging på ulike nivå, og du får godt fram dynamikken mellom planar og fleksibilitet. Bra at du også ser verdien av å inkludere elevane i planarbeidet!

Siste delen er eit godt eksempel på kor store konsekvensar gode og dårlege planar kan få. Trur du det går an å påverke den nye dirigenten slik at planlegginga kan bli betre? Korleis kan det eventuelt gjerast?