søndag 3. mai 2009

språklæring på ymse vis

So er tida komen for å skrivva siste blogginnlegg for denne gong. Valfritt tema gir stor fridom, og eg har lyst til å dela nokre tankar eg har omkring språklæring.

I fjor tok eg engelsk årseining, og då fokuserte me på kor mykje vanskelegare det er å læra eit andre språk i forhold til å læra eit første språk. Det første språket, morsmålet, lærer ein i ein naturleg setting når ein lærer å snakka. Alle rundt deg snakkar språket du skal læra, og språklæring går meste av seg sjølv. Dei forskjellige nyansane i språket kjem naturleg i takt med barnet si utvikling og modning. Små barn har anlegg til å laga alle lydar som finnest i alle språk. Etter kvart som barnet vert "spesialisert" i eit språk vert denne evna meir og meir redusert. Dette avdi musklane ein brukar i munn, nase og svelg for å laga dei einskilde lydane får ei meir einsarta trening etter som tida går: Barnet spesialiserer seg i morsmålet og musklar som ikkje vert trente vert passive. Når barnet seinare skal læra eit nytt språk tar ein som regel utgangspunkt i morsmålet og lærer språk nr to ut fra det. Ein byrjar på grunnplan og lærer ord for ord, nedt som når barnet skulle læra morsmålet. likevel er det ein stor skilnad: Barnet har allereie eit språk frå før , og tolker det nye språket med utgangspunkt i det gamle. Morsmålet vert på det viset både ei hjelp i språklæringa, men og eit hinder avdi det nye språket må gå vegen om det gamle.

Dette gjeld ikkje for bilinguale barn: tospråklege. Dette er barn som veks opp med to språk brukt parallelt. Barn som har foreldre fra kvar sitt land lærer gjerne språket til begge foreldra medan dei er små og får eit naturleg forhold til begge språka. Eg har ei veninne frå Frankrike som er gift med ein nordmann. Dei er busett i Norge. Deira to jenter er bilinguale: Dei svarar på det språket dei vert tilsnakka på. Mor har heile tida vore bevisst på å snakka fransk til jentene sine, for at dei skulle læra språket naturleg. Dei har jo halve slekta si i Frankrike og er der meste kvar skuleferie. Desse to jentene snakkar fransk flytande og vekslar naturleg mellom begge språk i ein samtale dersom den vert ført på begge språk. Det er veldig fascinerande å høyra på dei! Skriftleg er det større skilnad: Der er dei klart flinkast i norsk. Dette avdi det er dette språket dei har brukt på skulen, medan mor har tatt seg av opplæring i fransk grammatikk innimellom (når det vart tid til det). Målet for mor var at dei skulle kunne kommuniserer problemfritt med franske besteforeldre, og det klarer jentene fint. Det dei lærer av fransk skriftleg tar dei med som bonus. Når dei var små kunne ein kansje oppleve ein viss språkforvirring hos jentene der dei brukte begge språk i same setning. Til dess dei hadde nådd skulealder hadde dei fått full kontroll på dette, og vart lika flinke i norsk som sine medelevar.

Så har ein dei barna som flytta til eit anna land saman med familien. Då nyttar ein gjerne morsmålet heime, medan alt utanfor huset sine fira vegger foregår på det nye språket. Desse ungane vert på ein måta kasta inn i ein voldsom språkopplæing, og mange får ein tøff kvardag.Undervisning, fritidsaktiviteter, innkjøp og sosial omgang med andre foregår på eit nytt språk. Det vert som å læra å svømma ved at ein vert kasta på sjøen: Ein må mobilisera alt ein har av energi og vilje for å overleva - ein har rett og slett ikkje noko val. Men sidan ein får store mengder innput av språkleg påverknad av det nye språket lærer ein det oftast overraskande snart. Dess yngre ein er når ein flyttar, dess snarare går det å lære det nye språket. Heime "slappar ein av" og held på morsmålet. Dermed får ein anledning til å utvikle førstespråket sitt vidare - ivertfall munnleg. Dette kan ein ofte sjå hos invandrarar i Norge. Ungane lærer snart å tileigna seg norskkunnskapane medane foreldregenerasjonen slit meir. Dersom mor i tillegg vert heimeverande kan ho risikere å ikkje lærer det nye språket i det heile avdi ho ikkje vert "utsett" for det.Mange innvandrarbarn har oppgåve som tolk for foreldra, og må gjerne bistå både i kvardagsliv og i møte med offentlege istitusjonar.

Ein har og ein tredje gruppa med barn og språklæring: Adoptivbarna fra utlandet. Einskilde adoptivbarn kjem frå eit land som ikkje har språkleg fellesskap med Norge: t.d. Kina. Desse barna får brått ein kvardag der dei må starta heilt på nytt, også språkleg.Stort større omveltningar i livet kan eit menneske knapt oppleva. Dei kan ikkje nytte morsmålet korkje heime eller ute. Hos mange av desse kan ein sjå at dei får problem med å lære nytt språk avdi dei ikkje kan byggje på det gamle. Dei kan ikkje nytte den kunnskapen dei har frå før. Einskilde av desse barna får problem med å skilje nyansar og begrep i det nye språket og kan slite grammatisk lenge. Språkleg mister dei gjerne nokre år i utviklinga. Likevel klarer dei fleste seg veldig bra: Dei får jo det nye språket inn overalt, og det vert ein naturleg del av livet om enn det kan gå tregt.

Kva så med undervisninga av framande språk i skulen? Den foregår ofte i ein svært unaturleg setting. Dermed vert det vanskeleg for mange og poenget med heile undervisninga vert uforståeleg for nokre. Engelskundervisning på ein norsk skule med lærar som snakkar norsk i det meste av engelsktimen gir ingen naturleg læringssituasjon. Innputta (påverknaden) vert for få og det vert norsk - engelsk tenking for dei fleste, og me får ei fornorsking av enegelsken deira: Den vert ikkje naturleg: elevane tenkjer norsk når dei skal snakka eller skriva engelsk og så overset dei direkte før resultatet kjem ut av munnen eller ned på papiret. Det kan gi seg fantastiske utslag: "I helga var eg i byen med korpset = In the saints I was in the city with the korps." Denne oversettinga er henta frå ein prøve ein 8.klassing leverte for nokre veker sidan, og kan trygt seiast å bera preg av fornorsking av engelsken.

Engelskundervoisninga vert ofte svært tradisjonelt gjennomført: leselekse som skal lesast og oversettjast for lærar, og så ein dose grammatikk. Mange lærarar i grunnskulen klagar sjølv over at dei ikkje føler seg kompetente til å undervisa i faget, men som allmennlærar må dei gjerne ha engelskundervisning i "sin" klasse likavel. Då vert det sjeldan utforskande undervisning med vekt på engasjement i faget. problemstillinga er lett å forstå: I dag kan ein kvalifisera seg som allmennlærar uten å ha ei time engelsk medan ein går på lærarhøgskulen!

Eg har lyst til å verta engelkslærar, og eg har ein draum om korleis det kan foregå.
Ut fra det eg veit om naturleg språklæring har eg ei klar meining om korleis mi engelskundervisning skal organiserast: Naturfaglærarane har sitt kjemirom, datalæraren sitt datarom, gymlæraren sin gymsal og eg vil ha mitt England! Eg vil ha eit eige rom der det bare foregår engelskundervisning. Dette rommet skal vera dekorert som ei gate/torg i ein engelsk by, og med mulighet til å endra kulissene etter ei tid. Når døra til klasserommet vert opna får ein høyra (på band) beskjedar som " Mind the gap. The doors are closing. We are now approching Victoria station" m.m. Når elevane kjem inn i rommet skal elevane oppleva å ha foretatt ei reise til England, og all innformasjon foregår på engelsk, som er tilpassa elevane sitt nivå. Eg ser for meg pappfigurar av raude telefonkioskar, dobbeldekkere og gjerne ein engelsk "Bobby." Pultane skal vera organiserte som bord i ein park, eller kansje som Starbuck`s cafe (på ungdomstrinnet). Det er sjølvsagt engelske skilt og reklame på alle vegger.Å læra eit språk kan ofte samanliknast som ei reise: det er ikkje nok å kunna det tekniska. Ein må få med kropp og sjel og. Då må ein hjelpa elevane til å foreta denne reisa, og eit eige England til engelskundervisning har eg stor tru på kan virtualisera ei tilnærma naturleg setting for språkopplæring. Det handlar om å få elevane på rett "kanal" og mottakelege for rette signal. Dette er eg overtydd om at må kunna leta seg gjera sjølv i vår tids nedskore skulebudsjett! Så eg seier som andre før meg:"I have a dream!"

Ingen kommentarer: