Guten kan ikkje fordra skulearbeid. Det har han vel meste aldri gjort. Det er snakk om å slepa han gjennom eit skulesystem han på ingen måte ønsker å ta del i. Etter å ha leita med lys og lykter er det ingen som har klart å spora opp noko form for indre motivasjon eller eigen framdriftsmotor hos denne guten. Er det snakk om læring set han hovedbremsen på og innfører innlæringsblokkade. Han har vorte testa både hos den eine og den andre spesialisten, og alle er samde om at evnene hans er det ingenting i vegen med. Han skorer tvert i mot over gjennomsnittet for alderen på alle intelligenstestar.
Korleis få denne guten til å bruka evnene sine og gjera skulearbeidet? Svaret er så langt blitt straff og belønning i god behavioristisk ånd: straffa er for manglande arbeid er tap av goder, medan fullført arbeidsplan tilfører goder. I år er det eit fridykkerkurs kvar onsdag som er gulrota. Arbeidsplan som er fullført og godkjent innan fredag kveld gir tur til bassenget neste onsdag, medan manglande arbeid medfører tap av ein kurskveld.Ein del av avtalen er og at lekser skal gjerast uten sinne og høglydt surskap!
Dette er vel den vanskelegaste beten for denne guten.
Han er på skulen 5 klokketimar kvar dag, og han bruker urtuleg mykje tid og krefter på å unngå å gjera skulearbeid desse timane: går på do, kvesser blyantar,leiter etter ting, drikk vatn, demonterer pennar, dissekerer viskelær, leiter etter ting igjen, ser på kva dei andre gjere, drømmer seg vekk eller prøver å sovna. Det meste av tida klarer han å skjula aktiviteten sin avdi læraren er opptatt med andre elevar. Eg vil tru guten er eit klassisk døme på det me har lært om prestasjonsmotivasjon og angst knytta til dette: Fleire år med laber innsats på skulen har medført ein del dårlege resultat, og han ser sjølv at han gjere det dårlegare enn dei andre han samenliknar seg med. Dermed kjem han inn i den vonde sirkelen der både han sjølv og omgivelsane forventar dårleg resultat, og angsten for igjen å prestera dårleg berre aukar. Dette gir igjen enno mindre motivasjon for meir innsats: "Eg er så dum, det nyttar ikkje likevel."
Siden arbeidsinnsatsen på skulen er heller liten vert jo leksemengden heime desto større: mest uoverkommeleg! Resultatet er at guten vert totalt utslitt: på skulen brukar han alle kreftene på å unngå å jobba, heima må han bruka alle kreftene på å ta att det forsømte (medan mor i huset tar rolla som slavedrivar)
Etter at diverse spesialistar har konkludert med at han har særs gode evner er no skule og heim samde om at vil han ikkje så skal han! Med tett oppfølging på alle frontar, eit sterkt kontrollregime og ein stor porsjon behaviorisme på toppen tvingar me han til å læra det han ikkje vil, i håp om at noko lærdom festar seg undervegs.Mottoet er at mekanisk læring er betre enn inga læring.
Sakte men sikkert gir dette resultat: karakterane er på veg opp og det same er sjølvkjensla. Eit særs godt resultat, godt over gjennomsnittet, på ein vanskeleg naturfagprøve vart litt av ein triumf (både for slavedrivar og slaven sjølv). Motstanden mot skulearbeidet har minka, innsatsen auka og innlæringsblokaden er midlertidig avblåst! Foreløbig ser det ut til at utstrakt bruk av ytre motivasjon har stoppa ein dårleg sirkel og gitt plass for (litt) indre motivasjon.
Så var det jenta. Ho har alltid hatt eit positivt forhold til skule og skulearbeid. Ho er stort sett interessert i det ho lærer, så lærdomen festar seg fort. Men så lenge ho gjekk på barneskulen brydde ho seg ikkje om å yte noko ekstra utover det som stod på lekseplanen, sjølv om læraren gjerne ville gi ho ekstraoppgåver."Det er godt nok." var jenta sitt motto, vel nøgd med at ho fekk arbeidet raskt,effektiv og skikkeleg gjort.Ho var uansett blandt dei flinkaste i klassen, og såg ikkje noko poeng i ekstraoppgåver.
Som ungdomsskuleelev skulle ho brått forhalda seg til karakterar, og desse står gjerne i forhold til arbeidsinnsatsen. Dermed vart det ikkje lenger greit å sei at "det er godt nok". Lærarane oppfordra til auka innsats,og ho vart plassert på nivå ein i matte. Krava både til henne og dei andre på gruppa auka : dei følgde ikkje lenger undervisninga som var tilpassa gjennomsnittet:TPO! Arbeidsoppgåvene ho fekk var ikkje ekstraoppgåver men dei reelle som stod på lekseplanen hennar. Då vart straks meir interessant for henne å yta det lille ekstra som lærarane bad om.
Karakterane og tilpassa opplæring vart ytre motivasjon som tende ein arbeidsiver som vert halden ved like av indre motivasjon. Ho treng aldri minnast på leksene, men ligg i forkant og likar å få ting unna.
Forskjellen på han som vert driven av ytre motivasjon og ho som vert driven av indre motivasjon er merkbar: Han vert mykje meir sliten av skulearbeidet enn ho, sjølv om arbeidsmengen hennar er større. Hans manglande interesse gjere at han slit med å nyttiggjera seg det han lærer (figurativ kunnskap), medan hennar interesse hjelper ho til å sortere det ho lærer, ho får oversikt og kan lett nyttiggjere seg lærdomen i andre samenhenger(operativ kunnskap). Dermed opplever ho nytten av å lære noko nytt, og det bidrar til å auke motivasjonen.
Han derimot fokuserer mest på all den tida han kastar bort på det(i hans auge) unyttige skulearbeidet og motivasjonen vert deretter.
No hadde det vore fristande å gått vidare på debatten om fordeler og ulemper ved "lik utdanning for alle", men det får bli ein anna gong
