torsdag 29. januar 2009

"Konstruksjon og design"

Så er tida komen for å avslutta dette prosjektet med ein logg skriven i bloggen.Eg veit mest ikkje kor eg skal starta, men kan gjerne innleia med nokre tankar omkring tidspunktet me fekk presentert prosjektet. At me skulle ha prosjekt etter jul hadde me fått med oss, men omfanget av det vart nok ei overrasking for dei fleste av oss då me starta opp etter nyttår. Kjetil komenterte endåtil at me gav så liten respons på opplegget etter at han hadde presentert prosjektet i formingssalen. Sanninga er vel at me var litt satt ut heile gjengen.

Men ein rask brainstorming i gruppa viste at me stort sett var enige om kva me ville vektlegga: Mykje lys og god plass til alt og alle. Me trong ikkje ta økonomiske hensyn, og stod nokså fritt i konstruksjonen av vår drømmeskule. Så me tok helg med dei grove trekk i boks, og gjekk heim for å studera kva helsetilsynet vektlegg i skulebygg.I tilegg skulle kvar og ein komma med konstruktive, gjennomtenkte idear til me skulle møtast att.

Då me fekk oppgåva presentert oppdaga me raskt at dette medførte mykje arbeid ut over ordinær skuletid.Dette vart vanskeleg for nokre, ivertfall meg, å få organisert på så kort varsel. Eg meiner prosjektet burde ha komme eit par veker seinare eller vorte presentert tidlegare, slik at me haddde fått litt tid på å omorganisere ev. legetimar, jobb og familie.
Eg vart i tillegg sjuk i den mest hektiske veka, og snubla meg gjennom prosjektet med feber, sår hals og konstant dundrande hovudpine: Det vart snørr og tårer...Så eg datt av lasset i ein del av planleggingsfasen og vart berre delvis deltagande i byggefasen.
Etter at modellen var ferdig, og fagtekst, manual, undervisningsopplegg og presentasjon skulle skrivast hadde me betre tid. Eg opplevde at tida me hadde til å konstruera skulen, reint fysisk, var i knappaste laget. Då vert ein ekstra sårbar når det vert sjukdom i gruppa, og dei resterande oppegåande må jobba endå meir for å få prosjektet i mål.

Men det har vore ein lærerik prosess, og særskilt var det interessant å setja seg inn i direktiva frå helsetilsynet om miljøretta helsevern i skoler og barnehager. Eg ante ikkje at det var lagt så detaljerte føringar på areal, lys, materialer, miljø osv. Dei to dataprogramma me lærte om var og spanande, og dei vil eg gjerne prøva meir ut seinare.
Men eg syntes det var vanskeleg å skriva manualen.Me forstod det slik at den måtte skrivast slik at andre kunne laga samme modell som me hade laga:Korleis me hadde gått fram for å laga modellen i Google sketch Up, innreing i Sweet home 3d og den fysiske modellen i papp. Det vart skrekkeleg mange detaljer å halda styr på, men med godt samarbeid trur eg me fekk med det meste.

Me vart introduserte for to dataprogram i starten av prosjektet. Eg likte best Sketch Up, der ein kunne bygga modellar tredimensjonalt. Ein kunne snu og vri på modellen og sjå den frå alle kantar, til og med i grevlingperspektiv.Men programmet stilte store krav til presisjon, og det var tidkrevande.
Samstundes vart me og introduserte for Sweet Home 3d. Dette er og eit program der ein teiknar hus, men dette går meir på oppdeling av rom og innreiing av desse. Dette programmet fekk ikkje eg prøvd noko særleg, for min pc ville ikkje samarbeide. Men det vesle eg fekk prøvd, før pc`n streika, var kjekt. Dette programmet krevde enno meir presisjon enn Sketch Up og med lita trening tok ting tid.Men i dette programmet kunne ein "gå inn i romma" og sjå dei tredimensjonalt frå fleire vinklar, og det var fasinerande.

Prosjektet innebar og ein dag ute på praksisskulen i "vår" klasse. Me skulle til denne dagen planlegga eit undervisningsopplegg som var relatert til vårt prosjekt.
Me vart ganske tidleg samde om ikkje å bruka dei to dataprogramma denne dagen. Det var rett og slett pga tida me hadde til rådvelde på praksisskulen: fem klokketimar går veldig fort når ein har mykje på planen. Me hadde og sett i tidlegare praksis at det var ikkje berre enkelt å få 30 6.klassingar til å jobba konstruktivt framfor ein pc. Dessuten var det svært varierande arbeidstempo på desse skulepcane.

Undervisningsopplegget vart til slutt å la dei få jobba praktisk. Elevane vart delt i tre grupper som igjen vart delt parvis. Kvart par skulle så innreia eit rom, i ei skoeske. Skoeskene skulle settjast saman til tre hus med fem rom i kvart. Kvart hus skulle ha bad, kjøkken, stove og to soverom. Elevane skulle få bruke fantasien og innreie sitt drømmerom, men alt måtte gjerast i rett målestokk:5cm på papiret vart 1m i verkelegheita.Dei skulle og rekna ut arealet på rommet dei jobba med.Før dei fekk gå igang med å laga møbler, vindu og dører skulle dei teikna ei grundig skisse på papir.

Undervisningsopplegget vart ein suksess! Elevane storkosa seg heile dagen: dei måtte tvingast til å ta pausar!Dei teikna, målte, rekna på cm, skar i papp og bygde møblar. Møblane laga dei av diverse formingsmateriale som skulen hadde. Av alle 30 var det bare ei jente som meinte på at dette var kjedeleg. Alle andre viste stort engasjement. Ho som påstod at ho kjeda seg var vel heller usikker på seg sjølv. Ho trudde ikkje det vart godt nok eller fint det ho gjorde.Men ho deltok nå i oppgåva ho og, om enn noko halvhjarta.
Dagen gjekk utruleg fort både for lærarar, studentar og elevar. Alle husa vart nokolunde ferdige. Nokre brukte vel lang tid på einskilde detaljer og kom i tidsnaud, men fekk likevel fine rom å presentere for dei andre. Me oppdaga at boblebad er inn: alle hus hadde opptil fleire boblebad! Ein skulle kunna lauga seg både på soverom, kjøkken og sjølvsagt på badet.
Husa skal nå stå utstilt i gangen, og lærarane vil bruka dei når dei no skal jobba med areal og målestokk.
Dette hadde dei jobba lite med enno, så å rekna ut arealet på rommet vart vanskeleg for dei fleste: Dei ville rekna ut omkrinsen i stedet.

Nokre tankar på tampen: Prosjektet var greit nok, men eg synest det var i største laget. Eg ser ikkje poenget med å bruka så mykje tid på eit konstruksjonsprosjekt. Var tanken at me sjølv skulle få prøva korleis elevane gjerne opplever prosjektarbeid? Einskilde synest det kan vera både krevjand og skummelt, medan andre går laus på slike oppgåver med stor iver.
Eg lurer og på kor motivasjonsdelen vart av? Eg opplever at det denne gang vart lagt størst vekt på overraskelsesmomemntet... Det vart ikkje betre etter fellesmøte på Tjødnalio, for etter det sat eg heller att med kjensla av at heile greia var litt difus: Det vart litt for mange ubesvarte spørsmål som ingen tok heilt ansvar for.Eg lurte på kor gjennomtenkt dette eigentleg var, for praksisskulen verka heller ikkje til å vera så godt innformert om kva som skulle skje. Betre innformasjon i forkant og mindre omfattande oppgåve trur eg kunne løyst mykje. No håpar eg me kan få bruka resten av våren til å pugga vår Vygotskij, analysera våre dikt og konstruera våre kvadrat. Alt dette med tanken på våre framtidige elevar og deira læringsstilar i bakhovudet.